No er kjølediskane i butikkane fylt opp med fårekjøt, svinekotelettane er gøymde i ein annan disk. Det er fårikål-tid i annleislandet. Kjøtet er fint pakka i ulike porsjonar, både for store og små familiar- og for einslege. Nokre viser bilete av fårikål-gryta si på Facebook, og får 72 likes. Tenk om vi gjekk og bar på eit bilde av fårikål-gryta vår, og viste det fram i Fosnavåg sentrum midt på dag – nokon hadde heilt sikkert ringt 113.

Jau, det er stor stas, men kvar kjem kjøtet frå? Det er det mange nordmenn som ikkje tenker over. Fleire og fleire vil heller ikkje vite det, tenk å drepe verjelause dyr med ull. Nei, la oss overlate sånt til ulvane, slik at det gode samvitet kan ligge som eit uskuldsreint teppe over dei urbane høgblokkene.

I byrjinga av september vart det kjent at nokre profilerte nordmenn hadde trekt seg frå programmet «Folkeopplysningen» på NRK. Programleiar Andreas Wahl hadde nemleg invitert nokre kjendisar til ein ny vri på «Fire stjerners middag»

I dette programmet skulle læring stå i sentrum. Dei tre inviterte kjendisane, som framleis vil vere anonyme, skulle få servert lam til hovudrett. Det var berre ein hake, dei måtte slakte sauen sjølve. Sauen som hadde fått det sjarmerande namnet Berit, vart faktisk slakta av ein av deltakarene, og middagen vart eten med eit glas vin til.

Kort tid etter fekk saueslaktaren dårleg samvit, og bad om å bli klipt ut av programmet.

Men NRK ga seg ikkje så lett, dei prøvde ein gong til med ein ny sau på tallerkenen. Det same hende igjen, og kjendisane som trekte seg, argumenterte med at dei i programmet kunne bli oppfatta som «stygge», «dumme» eller i beste fall «hyklerske». I bildet som NRK la ut er det berre programleiar Andreas Wahl som ikkje er sladda over ansiktet. Kjendisane er sladda, og ein kan lure på om det er eit bilete frå eit mafia-bryllaup på Sicilia.

Då eg las dette gjekk mine tankar tilbake det året eg var 13 år. Då måtte eg hjelpe morfar å slakte sauer, og eg likte det absolutt ikkje, men nokon måtte gjere det. Når vi fekk sauen opp på slaktebenken, skulle eg halde den, medan morfar slo den hardt i hovudet med øksehammaren. Så måtte eg skunde meg å leite opp bøtta, som vart fylt med blod når morfar stakk.

Eg kan legge til at eg av naturlege grunnar aldri har ete blodpølse. Men slakting er brutalt, og eg tek på ingen måte til orde for at folk flest bør vere med på det. I dag er det ikkje eit tema, ein slepp ikkje inn på slakteria for å sjå slaktinga.

Men, mykje tyder på at fleire og fleire er i ferd med å miste forståinga for at kjøt til middag ikkje er mogleg å få, utan å drepe eit dyr. Det er også eit stort tankekors, at vi utan å blunke ser filmar, der drap av menneske er hovudingrediensen.

Vi er heilt immune mot slike skremmande scener, det er slik det skal vere. Men å vise slakting av ein sau på fjernsyn er ikkje mogleg.

Argumentet om at eit dyr må døy for at vi skal få kjøt, er nok akseptert av mange. Men talet på vegetarianarar er aukande, og dei vil ikkje ete kjøt for å spare dyra.

Men det er grunn til uro dersom den oppveksande slekt mister all kontakt med naturen og røyndomen. Nokre tek dette på alvor, og den samiske barnehagen Áltta Siida, i Alta i Finnmark, tek borna med på slakting av rein kvart år. Borna skal få sjå prosessen frå slakting til den ferdige maten står klar på bordet. Ein tilsett i barnehagen vart intervjua i NRK 1.oktober, og ho meiner at dette er eit viktig tiltak for å lære borna kvar maten kjem i frå.

At folk vel å vere vegetarianarar er umogleg for meg å forstå, men vi skal respektere andre sine val. Enkelt sagt er det vel slik at vi fyller pannene med både får og kål, medan vegetarianarane greier seg med berre kål.

Ha ein ålreit fredag.