Måndag 8. – onsdag 10. oktober arrangerer Bergsøy IL BergHansen Haust Camp på Havila Stadion Fosnavåg og i den nye Fiskarhallen.
Campen er for jenter og gutar mellom 6 og 12 år. Altså alle som går på barneskulen.
Konstanse Torgersen Nærø og hovudtrenar for Bergsøy fotball, Toni Sandanger, vil stå for organiseringa og det sportslege opplegget. I tillegg har dei med seg andre frå klubben til å vere instruktørar.
Det vil vere fokus på teknisk fotballtrening, men også smålagsspel og andre aktivitetar.
Påmeldingsfristen til campen er allereie i kveld, fredag 5.okober.