Lars Ivar Moldskred slår alarm om brannvesen-budsjettet i Herøy

– Vi kan ikkje spare pengar på sikkerheita til folket

Herøybrannmann meiner sparingstiltaka i brannvesenet er for kritiske. No ber han politikarar og kommunen om å handle før det heile får fatale konsekvensar.

Lars Ivar Moldskred: Verneombodet i Herøy brannvesen og brannmann Lars Ivar Moldskred, meiner kommunen og politikarane må gå saman om å styrke budsjettet til brannvesenet. – Det er ingenting meir å spare på denne posten, seier han. Moldskred vil ikkje rette skyts mot enkelte instansar. Han meiner at dette er ei prioritering som må gjerast på fleire plan.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Vi kan ikkje spare der det ikkje er meir spare

Lars Ivar Moldskred
Nyhende

– Som brannmann, verneombod i brannvesenet, lokalpolitikar og privatperson, føler eg ei plikt til å sørge for at alle er innforstått med situasjonen slik den er i dag. Den er ikkje bra nok.