Nok ein sviktande makrellsesong

Katastrofal for dorgarane

For andre året på rad har makrellfisket på kysten svikta. I år har svikten vore total.
Nyhende

Etter mange år med godt fiskeri og gode inntekter, ser det ut til at bildet har endra seg totalt for makrelldorgarane. Frå å vere eit hovudfiskeri, ved sida av vintertorsken, har dei to siste sesongane vore av det dårlege slaget.