Stina Aasen Lødemel er ny redaktør i Allkunne

Stina Aasen Lødemel (40) frå Ørsta er tilsett som ny redaktør i det digitale oppslagsverket Allkunne. Ho tek over 1. november etter Per Magnus Finnanger Sandsmark, som frå same dato er direktør i Nynorsk kultursentrum.

Stina Aasen Lødemel   Foto: Nynorsk kultursentrum

Nyhende

– No når kven som helst kan skrive kva som helst på Internett, er fri tilgang til kvalitetssikra kunnskap på eige skriftspråk viktig for demokratiet, seier Stina Aasen Lødemel i ei pressemelding.

Lødemel er bachelor i kultur- og samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen 2008 og har sidan 2016 vore masterstudent i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Ho har mellom anna vore dagleg leiar ved Kunsthuset i Ørsta 2008–2009 og arbeidde i ulike engasjement og vikariat hos Nynorsk kultursentrum. Frå 2013 var Lødemel tilsett i delt stilling som salsekretær i Aasen-tunet og redaksjonssekretær i Allkunne AS.

– Med sterkt engasjement og presist arbeid har Lødemel gjort sitt til at Allkunne er blitt ein uunnverleg nettstad for både nynorskbrukarar og andre. Etter ein grundig tilsetjingsprosess var vi ikkje i tvil. Ho er den rette, seier direktør Ottar Grepstad.