Vêret sette ein stoppar for opningsfesten, men no er klatreparken open:

Ringde i bjella for parken

Herøy kommune såg seg nøydde til å avlyse den planlagde opningsfesten i parken, då vêret reiv ned telta natt til laurdag. Men på rådhuset ringde ordføraren i bjella, og markerte at klatreparken no er open.
Nyhende

Det dårlege vêret laurdag førte til at den planlagde opningsfesten i parken måtte avlysast. Men det var ikkje snakk om å ikkje gjere stas på sponsorane, og dei ansvarlege bak prosjektet. Dei var difor samla på rådhuset laurdag. Det møtte også opp eit lite publikum, for å gjere stas på bidragsytarane.