Bergsøy-trenar Thomas Buchardt skuffa over forsvaret:

Gåvmilde Bergsøy tapte

31 mål burde ha vore nok til siger for Bergsøy-herrane mot Fyllingen, men dårleg forsvarsspel av herøyværingane gjorde at bergensarane kunne ta med seg to poeng heim.
Nyhende

Allereie frå byrjinga av kampen sleit Bergsøy med å stoppe Fyllingen i laurdagens kamp i Herøyhallen. Bergensarane var stadig føre Bergsøy i målprotokollen, og gjekk til pause med ei leiing på 18–14.