Bergsøy 2 fekk det tøft i opprykkskampen

Bergsøy 2 ville med siger på Høddvoll tysdag kveld vere klare for 5. divisjon. Men Hødd 3 skulle vise seg å bli ei tøff oppgåve.
Nyhende

Utgangspunktet var enkelt for Bergsøy-rekruttane, med siger ville dei sikre opprykk til 5. divisjon. Men på Høddvoll venta eit heimelag som gjekk rett i strupen på Bergsøy. Det var ikkje spelt mange minutta då Håkon Fjørtoft ordna 1–0 for Ulstein-klubbens tredjelag. Og vertane fortsette å styre kampen, men sleit med utteljinga. Det gjorde også Bergsøy 2 på sine sjansar, og det var difor 1–0 ved halvtid i Ulsteinvik.