20 år med nærbutikk

For 20 år sidan blei det opna nærbutikk på Moltu, laurdag feira bygda Coop-butikken.
Nyhende

”Ta ikkje turen til Rema i Vik, handl på nærbutikken”. Denne strofa song borna i barnehagen på Moltustranda på opninga av ”nye-butikken” i 1998. Dette er no 20 år sidan, og sidan har store og små vore innom Coop-butikken og handla daglegvarer eller slått av ein prat med bygdefolket i ”kaffikråa”.