Lysregulering i Skarabakken dei neste vekene

– Ikkje køyr på raudt

Skarabakken-prosjektet er inne i ei fase der dei skal gjere masseutskifting av den gamle vegen. Dette inneber at det blir lysregulering i bakken dei neste vekene.

Skarabakken: Prosjektet i Skarabakken har gått rimeleg smertefritt, opplyser dagleg leiar i Aurvoll og Furesund, Eivind Berge. No er trafikantane derimot nøydde til vise litt tolmod, ettersom det i dei neste vekene blir periodar med lysregulering bakken. Arkivfoto 

Nyhende

Måndag ettermiddag var det trafikk-kø i Fosnavåg i 16-tida. Dette skuldast at vegprosjektet i Skarabakken no er inne i ei fase der det skal gjerast masseutskifting på den gamle vegen. Derfor er det sett opp eit trafikklys i hovudpulsåra til sentrum. Dette vil utvilsamt krevje litt meir tolmod frå bilistar og trafikantar framover.

Anslag på 3 veker

Vestlandsnytt har vore i kontakt med dagleg leiar i Aurvoll og Furesund, Eivind Berge. Han anslår at det kjem til å bli lysregulering i bakken i korte periodar dei neste 3 vekene.

– Så langt har vi klart å unngå bruken av lysregulering, noko vi hadde antatt at vi måtte bruke meir av. Men slik arbeidet er no, er vi nøydde til å ha lysregulering i bakken. Vi kan ikkje kome med eit eksakt tidspunkt for kva tid dette ikkje lenger er nødvendig, men eit anslag er at vi vil halde på i korte periodar dei neste 3 vekene, seier Berge.

Stopp på raudt

Han seier at dei etter beste evne vil unngå lysregulering i bakken då trafikken står på som hardast.

– Men dette er ikkje lett. Det er trafikk heile tida i Skarabakken, seier han,

Dette såg vi som sagt eit eksempel på måndag. Men dei trafikale problema skuldast ikkje berre trafikklyset. Trafikantane må også ta sin del av ansvaret, meiner Berge.

– Vi ser at folk køyrer på raudt lys, og dette skapar problem med trafikklysa. Då vil det oppstå kø. Vi vil derfor minne folk om den lovpålagde plikta dei har til å stoppe på raudt lys. Då vil dette gå meir knirkefritt. Ikkje køyr på raudt lys, slår han fast.

Rimeleg smertefritt, men …

Berge kan opplyse om at prosjektet i Skarabakken elles har gått rimeleg smertefritt.

– Sprengingsarbeidet tok litt lenger tid enn det vi hadde planlagt, men sett vekk ifrå det, vil eg seie det har gått bra. Spesielt med tanke på at dette er eit vanskeleg og krevjande prosjekt.

Men ein ting som derimot ikkje er så kjekt for anleggsarbeidarane i bakken, er at dei opplev aktlaus køyring frå trafikantane si side.

– Vi opplev ikkje Skarbakken som heilt trygg. Ikkje alle held fartsgrensa og det vil vi også minne folk på.

Snart klare for asfaltering

Det neste steget i prosjektet er å asfaltere det fyrste laget med asfalt. Det betyr at trafikantar vi ha ein brei køyreveg som dei kan boltre seg på om ikkje så alt for lenge.

– Vi håpar og ha på plass vegen snart. Dei siste laga med asfalt må likevel vente til 2019, men den blir brukande før det. Elles vil arbeidet halde fram, avsluttar den daglege leiaren.

Vil utvide prosjektet

På sitt førre møte gav Herøy kommunestyre administrasjonen løyve til å gå i dialog med Møre og Romsdal fylke, Statens vegvesen og entreprenør med tanke på ei utviding av Skarabakken-prosjektet. Politikarane ser positivt på prosjektet, og meiner ei utviding av prosjektet fram til Hennabakken vil vere godt nytt både for totalen, og for dei mjuke trafikantane.

For å finansiere tiltaket, vil ein ta pengar frå eit prosjekt på Nærøya, som dreg ut i tid, opplyste kommunalleiar Jarl Martin Møller.