Overtidsdrama i 6. divisjon

Både Bergsøy 2 og Vanylven kjempa for opprykk då laga møttest i Fosnavåg laurdag. Det såg derimot lenge ut til å bli Hasundgot som kunne juble. Men på overtid låg ballen i nota.
Nyhende

På grunn av det dårlege været vart kampstart utsett med 2,5 time. Når kampen fyrst kom i gong var det ei regntung kunstgrasbane, og god styrke i vindkasta, som venta spelarane. Spesielt Vanylven var lite nøgd med dei vanskelege baneforholda.