Næringsdag med stor deltaking på Sandsøya:

– Fantastisk initiativ og stort pågangsmot

Ordførar Dag Vaagen var full av godord etter den unike næringsdagen som vart arrangert på Sandsøya laurdag.
Nyhende

– Det er eit fantastisk initiativ at grendelaget og næringslivet går saman om ei slik samling. Her har vi fått informasjon som fortel om stor satsing og mykje pågangsmot, gitt innanfor visse premissar der kommunen kjem inn i bildet, sa Vaagen.