Dei er i gang så snart sce­ne­tep­pet går opp. Den kjen­de 70-talslåten «Grease» frå fil­men med same namn strøy­mer ut frå gapa, tan­gen­ta­ne, stren­ge­ne, trom­me­stik­ke­ne, mes­sing­inst­ru­men­ta …

Snart byr­jar ein av dei grå, liv­lau­se tep­pe­byl­ta­ne, ned­st på sce­na å røre på seg. Ein ung mann med feitt, svart hår ma­ni­fes­te­rer seg: tøf­fe «Danny Zuko» ali­as Adrian Hel­de Rem­øy. Nok eit tep­pe vert kas­ta til side, og fram kjem den fa­g­re, aust­rals­ke, uskul­di­ge San­dy Olsson (Emma Sæ­vik). Snart får dei to sel­skap av res­ten av gjen­gen på gol­vet; 16 av Her­øy kul­tur­sku­le sine be­ryk­ta dan­sa­rar – el­ler i det­te til­fel­let: ein gjeng av­gangs­ele­var ved Ry­dell High School i USA, ein sein­som­mar i 1958.

Ville vere proffe

– Når ein gjer slike lo­ka­le kon­ser­tar som det­te, høy­rer vi ofte at det var bra for­di det var lo­kalt, men det er ik­kje nok for oss. Vi vil at det­te skal vere knall­bra og skik­ke­leg.

Det sa Ter­je Kvals­vik då Vest­lands­nytt tref­te ak­tø­ra­ne i «Bryl & Vi­nyl» un­der ei øv­ing for om lag fire ve­ker sidan. No ser vi at han mein­te al­vor. Gjen­gen på sce­na, frå ini­ti­a­tiv­ta­karen sjølv, bak trom­me­ne, til dei fire ko­ris­ta­ne på mot­sett side av sce­na, er lo­ka­le ama­tø­rar. Men i det vi fes­tar auga på dan­sa­ra­ne fram­for rekvisitt-bi­len i full må­le­stokk, er det nes­ten så vi gløy­mer at mu­sik­ken vi høy­rer vert spe­la her og no. Han kun­ne like gjer­ne ha vore frå fil­men – berre at lyd­bil­det i kon­sert­hu­set den­ne laur­dags­kvel­den er av mykje hø­ga­re kva­li­tet.

Turbulent kjærleik

– Det­te er eit show med son­gar frå fil­men «Grease», in­for­me­rer kon­fe­ran­si­er Tri­ne Ei­ken Kvals­vik. Rett som det er duk­kar ho opp mel­lom song-bol­ka­ne, for å min­ne pub­li­kum på hand­lin­ga i fil­men, og på den må­ten hjelpe oss til å vi­su­a­li­se­re sce­ne­ne medan vi høy­rer son­ga­ne. Ja, for vi an­tek sjølv­sagt at dei fles­te i sa­len har sett den kjen­de mu­si­kal-ko­me­dien frå 1978, om den tur­bu­len­te kjær­lei­ken mel­lom røf­fe Danny og uskul­di­ge San­dy. Dei to treff kvar­an­dre i som­mar­fe­rien og vert for­els­ka. San­dy skal ei­gent­leg til­ba­ke til Au­stra­lia, men plut­se­leg har pla­na­ne for­and­ra seg, og ho duk­kar opp på sku­len til Danny. Dei to vert gla­de for å sjå kvar­an­dre, men så skif­ter Danny brått opp­før­sel og vert mer­ke­leg li­ke­gyl­dig og mot­by­de­leg.

I «Bryl & Vi­nyl» har San­dy sin jen­te­gjeng fått nam­net «Ripsa» (Pink Ladies i fil­men) medan Danny sin gu­te­gjeng går un­der nam­net «Pil­ka­ra­ne» (T-Birds). Beg­ge grup­pe­ne har sine re­spek­ti­ve gjeng-tit­lar på ryg­ga­ne til hø­ves­vis mor­gon­kå­pe­ne og skinn­jak­ke­ne sine.

La ut sjølve

Då Vest­lands­nytt ring­jer Ter­je Kvals­vik mån­dag fø­re­mid­dag, har han lan­da et­ter laur­da­gens to fø­re­stil­lin­gar.

– Søn­dag vart det stort sett berre so­ving. Eg trur ik­kje folk ge­ne­relt veit kor mykje ar­beid som ligg bak eit slikt show – ik­kje berre av oss ak­tø­ra­ne, men av alle rundt, frå lyd­tek­ni­ka­ra­ne på hu­set til Thon Hotel som har lagt alt til ret­te for oss, sei­er han.

Kjens­la han fekk et­ter sho­wet sit el­les godt i han.

– Den var knall­god. Alle le­ver­te vel­dig godt, og til­ba­ke­mel­din­ga­ne gjekk på at sho­wet ver­ka proft, sei­er Kvals­vik.

– Der var mykje bra mu­sikk, men had­de vi ik­kje hatt med dan­sen vil­le det ik­kje ha blitt show på same måte, sei­er han.

Bryl & Vi­nyl har fak­tisk ik­kje fått ei einaste spon­sor­kro­ne. Dei har ik­kje ein­gong bedt om det.

– Vi for­skot­ter­te nokre ti­tals tu­sen og gamb­la på at vi skul­le få igjen pen­ga­ne, sei­er Kvals­vik.

Ber­re no­ta­ne kos­ta 15000 kro­ner, og modell-bi­len kom på om lag 14000 kro­ner.

Hel­dig­vis dek­te bil­lett­inn­tek­te­ne utgiftene og meir til.

Det er ik­kje usann­syn­leg at vi får sjå meir frå gjen­gen bak «Bryl & Vi­nyl» i framtida.

– Det trur eg heilt klart, for vi har samla dei bes­te i om­rå­det på kvar sine felt. Vi har vore gri­se­hel­di­ge, sei­er Ter­je Kvals­vik.