Herøy-selskap fekk medhald av tingretten i namnestrid:

Får bruke Asper-namnet

Asper-familien reagerte for seint og får ikkje medhald i at Asper Norway sin bruk av Asper-namnet må opphøyre.

FÅR BRUKE ASPER-NAMNET: Jetmund Runde (bildet) og Håvard Høydalsvik får bruke Asper vidare som føretaksnamn etter dom i Søre Sunnmøre tingrett. 

Nyhende

Herøy-selskapet Asper Norway blei skipa av Jetmund Runde og Håvard Høydalsvik i juni 2010 med sjøfrakt som hovudføremål. Namnet blei ifylgje etablerarane valt med bakgrunn i den latinske og mytologiske tydinga av ordet som er «røff/grov storm».