Vil utvide Skarabakken

  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Herøy kommunestyre gir administrasjonen løyve til å gå i dialog med Møre og Romsdal fylke, Statens vegvesen og entreprenør med tanke på ei utviding av Skarabakken-prosjektet. Politikarane ser positivt på prosjektet, og meiner ei utviding av prosjektet fram til Hennabakken vil vere godt nytt både for totalen, og for dei mjuke trafikantane.

For å finansiere tiltaket vil ein ta pengar frå eit prosjekt på Nærøya, som dreg ut i tid, opplyste kommunalleiar Jarl Martin Møller.