Inviterer alle til ope hus for å markere TV-aksjonen

Vil senke besøksterskelen

TV-aksjonen nærmar seg med stormskritt. I den anledning har Linn Therese og Yngve Sævik bestemt seg for å invitere alle heim til seg sjølve i neste veke, bokstavleg talt.
Nyhende

– Mange seier vi er heilt galne, og kanskje er vi det, men årets TV-aksjon handlar om å by på seg sjølv.

Linn Therese og Yngve Sævik smiler til kvarandre og flirer litt i det dei fortel om arrangementet dei har planlagt for neste veke. Tanken er utvilsamt noko som får ein til å drage på smilebandet. Neste torsdag, 4. oktober, opnar nemleg familien dørene og inviterer til ope hus i heimen sin på Nærøya.

– Det blir ein sosial dag der vi rett og slett inviterer til eit sosialt selskap med mat, utlodding av premiar, innsamling, song og musikk.

For TV-aksjonen

Linn Therese er fylkesaksjonsleiar for årets TV-aksjon som i år går til Kirkens Bymisjon. Temaet er «Mindre åleine saman». Det er i denne ånda ho kom opp med tanken om å invitere folk heim til seg sjølv.

– Eg fekk høyre om ein 9 åring som hadde tatt initiativ til å invitere folk på heimebakst i huset sitt, til inntekt for TV-aksjonen. Då tenkte eg: kan han, so kan eg.

Ho fortel vidare at årets TV-aksjon skil seg litt utifrå det ein har sett tidlegare, der innsamlinga eksempelvis har gått til u-land. I år går den derimot til nordmenn.

– Tematikken går ut på å skape møtestadar som motverkar utanforskap, reddar liv og forbetrar livskvalitet, og å opne dører framfor å lukke dei, forklarar ho.

Det blir naturlegvis også moglegheit til å gi til TV-aksjonen. Både inngangspengar og gåver går til TV-aksjonen.

Ikkje stivpynta

Yngve held fram med å beskrive arrangementet som eit tiltak med høg takhøgd, der ein skal kome akkurat som ein er.

– Og vi vil heller ikkje legge opp til noko stivpynta hus. Litt av tanken er at vi opnar opp heimen vår slik som den er. Vi vil senke terskelen for at folk skal gjere det same, sjølv om huset nødvendigvis ikkje er strigla og stivpynta, forklarar dei.

Dei to meiner nemleg at dørstokken har blitt litt høgare i norske heimar med åra, og at ein bør bli flinkare til å sleppe folk inn, også når kvardagen står på og huset kanskje ikkje er like presentabelt som det kunne ha vore.

– For det er slik det er, og det opplever alle. Det burde ikkje hindre oss i å opne opp og fokusere på det som verkeleg er viktig, å vere eit medmenneske, smiler Linn Therese.

Konsert i stua

Etter å ha snakka litt rundt motivasjonen for arrangementet, kjem Synnøve og Vegard Voldsund inn døra. Dei to er også med på arrangementet. Saman førebur dei ein intimkonsert dei skal arrangere i stua.

– Vi vil ikkje røpe for mykje, men tematikken spelar på lag med TV-aksjonen sin visjon. Det blir songar til ettertanke og vi spelar piano, synth og syng, forklarar dei.

Dei to er også samde i nokre av refleksjonane som Linn Therese og Yngve har ytra.

– Dette er ein bodskap vi alle kan ta til oss. Slike stunder og engasjement gjer oss i stand til reflektere i lag, seier dei.

Håpar på mange folk

Ingen av dei fire tør å spå kor mange som kjem til å møte opp på torsdag, men dei håpar alle at det kjem masse folk.

– Vi vil at det skal kome folk, og vi vil ikkje at nokon skal føle dei ikkje kan kome. Som sagt, poenget med det heile er at ein kan kome uansett kven ein er. Absolutt alle er invitert, fortel dei fire.

– Her er god plass, avsluttar dei med glimt i auge.