Bot for aktlaus køyring med lastebil

Illustrasjon  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Politimeisteren i Møre og Romsdal har skrive ut ei bot på 8000 mot ein herøyværing etter aktlaus køyring med lastebil. Han overheldt ikkje vikeplikta og kolliderte med ein personbil slik at det oppstod materielle skadar på begge køyretøya. I tillegg til bota vil lastebilsjåføren miste førarkortet i fire månader.