Helsesyster-student Daniel og kollegaane:

– Viktig med menn i yrket

Daniel Eide Moltumyr har hatt praksis som helsesyster i Herøy dei siste vekene. No slår han og hans sju kvinnelege kollegaer eit slag for å få fleire menn inn i yrkesgruppa.

Helsesystrer: F.v. Elisabeth Strand Slettestøl, Daniel Eide Moltumyr og Kari Mette Runde Eide er alle samde i at ein må få fleire menn inn i helsesyster-yrket. Etter si praksisperiode på helsestasjonen i Herøy håpar Moltumyr han har vist at menn kan vere eit sunt og viktig tilskot til det elles kvinnedominerte yrket.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Det er heilt klart viktig å få fleire menn inn i yrket.

Elisabeth S. Slettestøl
Nyhende

– Han er truleg, med det vi veit, Herøy sin fyrste mannlege helsesyster-student.