– Det er viktig at folk kjenner til at dette er ulovlege og straffbare handlingar.

Det seier Arve Nytun, arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding..

Ifylgje Nytun kan det sjå ut som at stadig fleire brukar metalldetektorar til skattejakt i naturen. Dei siste to åra har han opplevd at det har blitt grave i område med freda kulturminne, som på Herøy gard i sommar. Der vart det påvist fleire hol i bakken etter graving, klart i strid med lovverket.

Melde til politiet

Kulturminnet på Herøy gard, som er ei hustuft truleg frå mellomalderen, har nyleg blitt skilta gjennom eit samarbeid med lokale aktørar og fylkeskommunen.

– Det tyder på at lovbrotet var målretta. Møre og Romsdal fylkeskommune vart varsla og saka er meldt til politiet, seier Nytun.

Dette er ikkje første gongen personar med metalldetektorar har grove i kulturminne som er freda. I fjor vart det påvist over 100 spadehol på dei gamle kyrkjegardane og i kjøpstadsområdet på Veøya i Romsdal. Saka er framleis under etterforsking.

Nytun fortel at det er eksempel på at folk har vorte dømde for brot på Kulturminnelova. Mellom anna vart ein mann frå Vestfold dømt i høgsterett til ubetinga fengselsstraff fordi han ikkje melde frå om kulturminne han fant då han søkte med metalldetektor.

Øydelegg historisk materiale

Dette er to saker der ein heilt klart har gått etter funn i område som er freda etter kulturminnelova.

– Kulturminna fungerer som arkiv, og uvettig graving i dei er svært øydeleggande. Graving kan øydelegge arkeologiske kontekstar som i framtida kan gi ny informasjon om historia, seier Nytun.

Vil tilby kurs

No ønskjer Møre og Romsdal fylkeskommune å styrke det framtidige samarbeidet med metalldetektormiljøa, og utvikle kurs og arenaer for erfaringsdeling.

– På denne måten kan dei som har denne interessa, få kunnskap om reglar og retningslinjer ved slike søk, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.