Kenneth Sætre er tydeleg i talen. Han kjempar på mange vis sitt livs kamp. Saman med resten av familien mobiliserer gurskingen for at dottera Julia skal få familiegjenforeining og bu fast i landet.

–Har fått meg ein storfamilie og trivst godt

– Her har eg fått meg ein veldig trygg og god familie. Her har eg pappa, to sysken, bestemor, tanter, onklar og nye vener. Eg trivst veldig godt, seier Julia Oleinik Sætre til Vestlandsnytt på klingande sunnmørsk.

23-åringen har budd hos pappa Kenneth i snart to år etter at dei møttest fysisk for første gong hausten 2016. Seinare har dei teke DNA-testar som stadfestar at Kenneth er hennar biologiske far.

Familien gjekk sist helg ut i VG, som først skreiv om saka.

– Den fastlåste prosessen har no kome til eit stadium der vi berre må ta gå ut ope om saka, forklarar Kenneth. Han fortel om gjentekne avslag frå Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE).

– Det er ein svært krevjande situasjon som verkeleg tek på. Men vi skal kjempe, lovar Kenneth frå sofakroken heime på Sætre i Gursken.

Dugnad for saka

Han seier familien har fått massevis at støtteerklæringar frå folk i lokalsamfunnet, og vidare ut, etter at dei gjekk ut med historia si.

Denne veka vart det også sett i gang ein innsamlingsaksjon gjennom «Spleis» på Facebook, der folk kan gje pengar som bidreg til dekking ikkje minst av advokatutgifter.

– Det har allereie kome inn fleire flotte bidrag, noko vi er veldig takknemlege for, seier 56-åringen.

Bakgrunnen

Årsaka til at Kenneth møtte si eldste dotter først i godt vaksen alder, er som følgjer:

Han møtte Julia si mor då han jobba på eit russisk fabrikkskip på 90-talet. Ho vart gravid, og reiste i land før fødselen. Då ho skulle på sjøen igjen seinare, hamna ho på ein annan båt. Kenneth og Julia si mor møttest ikkje igjen, og dei to mista kontakta.

– Eg har alltid visst at faren min ikkje er russisk, men då eg var yngre var det eit sårt tema å snakke med mor mi om. I 2015 var eg klar for å vite kven han var, og vi tok kontakt via mamma sin Facebook-profil, seier Julia i VG-intervjuet.

Kontakta var etablert, og etter kvart fekk Julia også snakke med fleire familiemedlemer.

Etter å ha blitt teken varmt imot av familien på Sunnmøre, søkte ho i desember 2016 om opphald etter utlendingslova paragraf 8–10. UDI avslo fordi ein russisk mann stod oppført som far i fødselsattesten. Mora sin nye ektemann adopterte Julia då ho var 11 år.

Det skal elles nemnast at Julia var registrert med etternamnet Kennetovna (Kennethsdotter) då ho vart fødd. I etterkant er også Kenneth registrert i det russiske folkeregisteret som Julia sin far. Men UNE har til no halde oppe UDI sitt vedtak om avslag på søknaden om gjenforeining. Overfor VG seier familien sin advokat Maggi Rødvik at ho aldri har vore borti ei liknande sak. Det har heller ikkje utlendingsmynda.

I VG er elles jusprofessor Mads Andenæs sitert på at lova gir Julia rett på opphaldsløve i Norge. UNE held på sitt og syner til at Kenneth ikkje var juridisk far då dottera vart fødd.

Heime i Gursken det er framleis stor uvisse om kva som vert det endelege resultatet, i ei sak som – etter det Vestlandsnytt skjønar – kan utvikle seg til å bli eit politisk spørsmål. Håpet til familien er at ansvarlege styresmakter kan skjere gjennom og sikre Julia opphald i Norge før saka eventuelt går heilt til rettssystemet.