– For oss er det viktig å få innpass i nye marknader. Det eine dreg gjerne det andre, slik vi erfarer også når det gjeld innpasset vi fekk på forsvarssegmentet etter kontrakten med SAAB, seier adm. dir. Hallvard Slettevoll i Stadt AS.

Konkret er det systemet Lean Propulsion, dieselelektrisk framdrift som regulerer motorane på effektivt vis, den spesielle yachten «White Rabbit» er utstyrt med.

– Det gir oss mykje god PR. Vi har for tida to ingeniørar i Australia som jobbar med å få alt til å fungere optimalt, seier Slettevoll til Vestlandsnytt.

Det er verftet Echo Yachts som byggjer trimaranen. Eigaren er ein gründer som er busett i Singapore. Den 84 meter lange yachten skal vere verdas største med trimaranskrog. Den 20 meter breie båten har eit volum på om lag 3.000 tonn.

– Australia er ein interessant marknad der vi har fått eit bra nettverk no, legg Slettevoll til.