Tysdag inviterte Havyard på kake for å feire milliardkontrakten dei har fått for å levere design og utstyr til dei fire kystruteskipa. Konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group er stolt over å ha landa den nye kontrakten.

- Dette er ein rekordkontrakt for Havyard Design & Solutions og er med på å grunnfeste vår posisjon som eit maritimt teknologikonsern i verdsklasse, med brei kompetanse i mange segment, sa konsernsjefen.

Kystruten over i byggefasen

Sjølve bygginga av skipa er det tyrkiske Tersan og spanske Barreras som skal stå for, med to skip kvar. Skipa skal vere klare for levering hausten 2020, og skal inn i rutetrafikk frå januar 2021. Kontrakten med Havyard betyr samtidig at byggekontraktane no er på plass for Havila Kystruten, og ein kan gå over i byggefasen.

- Ting tek tid, men no er vi godt på veg, sa Per Sævik, styreleiar og eigar i Havila Kystruten AS.

Men Sævik minna også om at 3. januar 2021 kjem fort. Det er dagen då første Havila Kystrute-skipet tek laust frå Bergen i retning Kirkenes.

- To år kan for mange verke som lang tid. Men det er ikkje lang tid når du skal bygge fire nye skip. Det krev ein stor innsats og eit godt samarbeid, sa Sævik.

Hylla samarbeidet

Stig Magne Espeseth, leiar i Havyard Design & Solutions, kunne elles roe Sævik.

- Det er ingen grunn for bekymring, Per. Vi skal levere i tide, sa Espeseth.

Også salssjef Gisle Vinjevoll Thrane var godt nøgd.

- Dette viser at den gode jobben vi gjer og det tette samarbeidet vi har med dei andre aktørane i nærområdet gir oss gode kontraktar. Ei stor kontrakt for alle oss som arbeider her, sa ein entusiastisk Thrane.

Arve Helsem Leine, designsjef i Havyard, trakk fram det gode samarbeidet.

- Vi gjer eit skikkeleg godt teamwork i Havyard Design & Solutions og har erfaring med å handtere store oppdrag på kort tid. Saman skal vi klare det her, sa Leine.

- Godt å sjå det går framover

Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, var også ein glad mann.

- Det har teke si tid å få på plass alle kontraktane, men no kan vi endeleg gå over på byggefasen, sa Myrvoll.

Myrvoll minna vidare om at ein må huske på at Havila Kystruten også skal byggast opp som selskap.

- Vi skal ikkje berre bygge fire nye skip, men vi skal faktisk bygge opp eit heilt selskap. Slike ting tek tid, men det er godt å sjå at det går framover. Vi har no fått på plass byggekontraktar og leiarstaben, og kan byrje å planleggje driftsfasen, sa Myrvoll.

Trur på godt samarbeid

Både Per Sævik og Arild Myrvoll trur elles at når skuffelsen over å miste fire av anløpa har lagt seg hjå Hurtigruten vil dei få til eit bra samarbeid.

- Det er klart at når dei har vore vane med å drifte alle skipa sjølve, so er det eit tap for dei å skulle dele på oppgåva. Men både vi og dei er tent med eit godt samarbeid, so det skal vi få til. Det skal bli eit bra produkt for kundane, seier Myrvoll.

Per Sævik peika på at staten krev at dei skal få til ei avtale.

- Staten har lagt ein føresetnad om at vi og Hurtigruten AS skal bli einige, so det må vi berre bli. Viss ikkje vil staten gå inn å diktere ei avtale, og det vil ingen av oss vere tent med, seier Sævik.