I helga var det to bortekampar for Bergsøy sine handballherrar. Fyrste motstandar ut, var Nøtterøy 2 på laurdag. Her gjorde Bergsøy som forventa, og tok styringa tidleg i kampen. Trass litt rusk i spelet, gir trenar Thomas Buchardt karane ståkarakter.

– Vi gjorde mykje bra i denne kampen. Vi spelte disiplinert og viser at vi kan vere kreative og omstillingsdyktige når det trengst. Nøtterøy 2 prøvde mykje forskjellig mot oss, men vi pressa tilbake.

Bergsøy leia komfortabelt, 18–13 til pause. I det dommaren bles i fløyta etter 60 minutt, var målforskjellen mellom dei to laga endå større. Bergsøy sigra i Nøtterøyhallen, 36–28.

Av spelarar som utmerka seg i kampen, bør ein trekke fram lagets nyaste spelar, Jonas Gudmundsen Lund. Han scora heile ti mål for Bergsøy. Emil Raknes scora 11 mål, der 4 av dei var straffekast.

– Det var eit lag eg visste vi skulle slå. Vi gjorde det vi skulle for å få poenga.

Bittert tap på søndag

Med to poeng sikra, var det ei frisk tropp som å stilte til start mot toppmotstandar Tjølling på søndag. Bergsøy opna med å levere det Buchardt omtalar som «fantastisk bra handball». Etter 30 minutt leia Bergsøy 12–7 mot heimelaget. Men gleda varte ikkje lengre enn seks minutt ut i andre omgang. Då gjekk bortelaget inn i ei 14 minutt lang måltørke, og Tjølling åt opp leiinga. Etter 20 minutt gjekk heimelaget forbi og kara til seg ein 21–18 siger i sluttminutta.

– Dei poenga skulle vi gjerne ha hatt, så den var tung. Det er ikkje det at vi spelar dårleg, men heller at Tjølling klarte å tette forsvarsspelet med ein solid keeper i bakkant. Med berre åtte spelarar på laget på grunn av skader og sjukdom, vart det for tøft, konkluderer Buchardt.

Klar for ny heimekamp

Buchardt håpar elles at spelarane som er ute skal klare å riste av seg det som er av sjukdom til laurdag. Då skal dei nemleg ta imot Fyllingen på heimebane.

– Eg forventar at vi skal ta dei poenga. På heimebane skal vi ha styringa. Motstandarar skal grue seg til å kome til Herøyhallen for å møte oss, avsluttar han.