– Når ein veks opp i Vanylven, vert ein smerteleg klar over at der er ein annan plass «det skjer». Difor var det ei aha-oppleving å oppdage at eg kunne skrive historier frå der eg kom frå, og at dei andre som budde der syntest det var kjekt.

Maria Parr har fått ordet. Det vil seie, ho deler det med Hilde Myklebust. Dei to forfattarane har nemleg mykje til felles. Ikkje berre er dei jamaldrande – dei er også frå same bygd på Sunnmøre: Vanylven.

– Det er litt som Maria seier, byrjar Hilde Myklebust; – der er ein nerve i det rundt oss som faktisk kan brukast.

Myklebust sin siste roman, «Glødepunkt», som har fått merkelappen «poetisk industrialisme», handlar om ei sunnmørsbygd med ein bergverksindustri. Den handlar om Guttorm og kona, som prøver å halde liv i ekteskapet. Om barnet dei ikkje får. Om støvet i lungene ...

– Du skriv om blod, mold, morsmjølk og steingardar. Kva er det du vil fortelje oss, spør programleiar Torill Myren.

– Eg tenkjer på alle desse tinga som grunnstoff i skrivinga mi. Eg har lyst til å skape noko organisk og pulserande i dikta mine. Noko som veks fram frå det heilt grunnleggande i oss, svarer Myklebust.

Ho les fleire dikt frå boka for oss. Eit av dei handlar om eit lite barn:

Ein vinterkveld står du til livet i snøpeikar med den vesle fingeren dinopp på den veldige stjernehimmelenog seier: måneSå heilt uvitande om planetargalaksar asteroidar magnetosfærarat du sjølv står midt i verdaog held alt dettei hop for meg

Trille og Lena "trengde" seg på

–Maria, du skriv også om generasjonar, seier Myren, og peilar samtalen inn på Maria Parr si siste bok, «Keeperen og havet». I den møter vi gjengen frå barnelitteratur-suksessen «Vaffelhjarte», med hovudkarakterane Lisje’Lars, betre kjend som «Trille», og Lena Lid.

Det skulle eigentleg ikkje kome nokon oppfølgjar til den boka.

– Kva var det som skjedde? Trengde Lena og Trille seg på? spør Myren.

Parr dreg litt på det.

– Ja, dei gjorde litt det då. Der var mange ungar som spurde om det kom ei bok til, og eg sa alltid nei. Men då dei to som spela Trille og Lena i TV-serien (Simon Voldsund frå Herøy og Dagny Myrene frå Ulstein, red. anm.) spurde meg, skreiv eg eit kapittel vidare til dei. Då kjende eg: «Kva er det eg er så sta for». Det var utruleg godt å skrive om dei igjen, seier ho.

Parr blir beden om å lese første avsnitt i boka. Ho gjer det, med mykje innleving, og det er som å høyre den unge guten, Trille, si røyst ...

«Ytterdøra vår small så det rista i heile huset, og så følgde eit frykteleg brak og roping.

– Søren salte!

Eg kom meg fortumla ut i gangen på loftet. Der stod resten av familien min allereie, med sovesveisar og forvirra uttrykk. Mina, storesystera mi, hadde opna berre eine auget. Pappa såg ut som han ikkje visste om han var mann eller dyne.

– Bang! sa Krølla høgt.

– Kva var det der? spurde Magnus, storebroren min.

– Enten, sa mamma, – så er det ein naturkatastrofe, eller så har Lena Lid kome heim frå ferie».

Bandet

Vi har ikkje nemnt musikarane. Jazzpianisten Oddbjørn Blindheim har spesialspikra ein kvartett til Bok & Beat-kvelden, som byr på stemningsfulle låtar i ein sjanger mellom gospel og jazz. I tillegg til å bryte opp bokpraten med lyd for våre musikalske sansar, spelar dei små jinglar kvar gong ein ny forfattar går på scena. Det gir ei kjensle av høg profesjonalitet, som om vi hadde sete på innsida av eit TV-studio – berre meir intimt.

Pianist Oddbjørn Blindeim Foto: Josefine Spiro

«N for negler»

«Det er en ettermiddag på midten av 50-tallet. De to søstrene går opp trappene mot loftsrommene. Bak den lukkede døren foran dem ligger værelset med det buede vinduet, rommet de ikke må gå inn i fordi moren har migrene igjen og må få være i fred, men i et av de små rommene til venstre kan de gå, i det hemmelige loftsrommet som Jannicke kaller Stearinklubben. Et hemmelig rom som man må krøke seg sammen og krype for å komme inn i. Nå er det storesøsteren som leder an med flakkende stearinlys mellom hendene, og som med en blanding av skrekk og fryd, viser Grete fram hva hun har funnet der inne: en liten sekk snørt sammen med hyssing. Og oppi sekken, noe merkelig. Små buede flak av noe tørt og hardt som det går noen sekunder før Grete gjenkjenner. Det er negler. Ikke bare tuppene, men hele negler fra mennesker».

Forfattar Simon Stranger, «skakar» oss kanskje litt, med si høgtlesing frå «Leksikon om lys og mørke». Det er slik det skal vere.

– Det er ei sånn bok som sit igjen med deg etterpå, kommenterer Torill Myren.

Stranger fortel om korleis romanen, som handlar om eit heilt spesielt hus, «Bandeklosteret» i Trondheim, vart til.

– For nokre år sidan fekk eg vite at min jødiske svigerfamilie vaks opp i dette huset. Svigermora mi, Grete, fortalde at ho som barn hadde stått og delt ut billettar til ei liksom-musikalførestillinga, som ho, systera og andre barn i området, hadde i kjellaren, i det same rommet som var torturkammer ti år tidlegare. Då tenkte eg at «her er det ein roman».

Huset han snakkar om var nemleg Rinnanbanden sitt hovudkvarter under Andre verdskrig.

– Henry Oliver Rinnan var dobbeltagent og nazist, og jobba med å infiltrere motstandsrørsla i Noreg under Andre verdskrig. Han var ansvarleg for at rundt 1000 menneske vart arresterte, fleire hundre vart torturerte, og nokre vart drepne, fortel Stranger.

Korleis vart Rinnan den han vart, og korleis har det seg at ein jødisk familie enda opp i huset han brukte som hovudkvarter for grusomheitene sine? Svara får du kanskje om du les Stranger si bok.

(Saka held fram under bildet)

Simon Stran­ger: «Lek­si­kon om lys og mør­ke» vart til et­ter at for­fat­ta­ren fann ut at hans jø­dis­ke kone sin fa­mi­lie har budd i det same hu­set som den be­ryk­ta Rinnanbanden bruk­te som ho­vud­kvar­ter. Foto: Josefine Spiro

Bok om demens

Kveldens siste gjest, Helene Sandvig, snakkar ope om opplevingane bak den personlege boka, «Et langsomt farvel» om farens demens. Vi skreiv mykje om denne i Vestlandsnytt 18. september.

He­le­ne Sand­vig: For­fat­ta­ren, med rø­ter frå Mol­tu, gir ut boka «Et langsomt far­vel» om farens de­mens. Foto: Josefine Spiro

Bok & Beat er eit samarbeidsarrangement mellom Vestvang Bokhandel, Herøy folkebibliotek og Fosnavåg konserthus.