Fylkeskommunen må starte ein prosess for å redusere drifta innafor kollektivtrafikken, og har sendt ut ei liste med avgangar som kan bli endra eller fjerna. Ei av desse er den daglege 15.50-avgangen frå Leikong til Voldnes. Denne ruta har i snitt 0,38 reisande per avgang.

Vidare kan det bli ein avgang mindre mellom Garnes og Volda, og mellom Årvik og Garnes på laurdagar. Forslaga gjeld avgangar med få reisande, noko som ikkje vil gå ut over skule- eller arbeidsreisande. Det er òg ein diskusjon om fylket skal satse på turistruter eller ikkje.

Forslaga vil gi ein samla reduksjon på 0,5 prosent.