I fjernsyn og radio blir den debattert med visse mellomrom. Nokre skriv sinte lesarinnlegg om den i avisa, nokre trugar med betalingsnekt. For lokale politikarar er den redningsbøya dei grip etter, når underskota i dei kommunale budsjetta ikkje kan rettast opp med innsparingar.

Ja, eg snakkar sjølvsagt om EIGEDOMSSKATTEN, denne rare skatten som lokale politikarar har som fluktrute, når dei har for lite pengar.

I Vestlandsnytt sitt dekningsområde er den ikkje komen enda, men berre vent. I fylgje Statistisk sentralbyrå var det, pr. juni i år, 370 kommunar med eigedomsskatt, og talet er aukande.

Det er ei stund sidan krav frå stat og kommune kom til meg som fine kvite brev med logo. Når eg heldt eit slikt fint brev i handa, visste eg at det blei ein dyr dag. Det offentlege brukar hardaste handa når dei krev inn pengar, det må nok til, elles bryt alt saman.

For ei stund sidan såg eg at kravet om eigedomsskatt hadde snike seg inn i nettbanken min, medan eg sov. Der låg han som ein truskuldig lommetjuv, og gliste i forfallsregisteret. Eg tenkte på dei gamle og sjuke, og eit lett trykk på tastane, eit par kodar, og delar av pensjonen min susa i stor fart tilbake til kommunekassa – for eit lukkeland vi bur i.

Visst hadde eg fått ein e-post frå skatteoppkrevjaren om saka, den såg eg ikkje med det same, jau, alt er på stell.

Eg prøvde å vere høfleg, og ynskte difor eigedomsskatten velkomen til gards, slik ein gjer med nye gjestar. Skatt er sivilisasjon, og eg «feira» med ein skvett pærebrus, slik at Siv Jensen kunne få litt sukkeravgift med på handelen. For mitt indre øyre høyrde eg lokalpolitikarane synge vakkert og fleirstemt i bakgrunnen: «Hiv o’hoi! Snart er skatten vår, no kan vi ta det roleg de neste hundre år»

Kvifor er det naudsynt å sjå på eigedomsskatten med eit kritisk skråblikk, heilt uavhengig av realitetane i dei ulike kommunane.?

Sjølve prinsippet med at du skal betale skatt på noko du eig, og ikkje på pengar du har tent, er etter mitt syn feil. Vi har den same problemstillinga med formuesskatten. Det er skattlegging av produksjonsmidlar, verkstadbygg, maskiner osb. Ein skatt verksemda må betale, sjølv om dei driv med underskot.

Eigedomsskatten har etter mitt syn ein dårleg sosial profil, den råkar tilfeldig. Einslege minstepensjonistar som tilfeldigvis eig eit bra hus, får ein høg skatt, i høve til inntekta. Alle skjønar sjølvsagt at skal huset gjerast om til pengar, må ein selje det, og dei som eig det må finne ein ny stad å bu.

Det er også grunn til å tru at mange som er inne i ei vanskeleg fase i livet sitt anten som arbeidslause eller sjuke, kan slite med å få endane til å møtast. Dei kan likevel ha ein verdifull eigedom, som dei skaffa seg når livet gjekk på skinner, dei får ein høg eigedomsskatt.

Det er også eit poeng at pengane ein brukar på å betale ned huset sitt, har ein allereie betalt skatt for.

Det er sjølvsagt enkelt å gå i strupen på lokale politikarar og skulde dei for å vere uansvarlege. Kritisere dei for å ha stifta for mykje gjeld, og gjort alt for store investeringar. Men dersom ein ser godt etter, ser ein at nesten alle kommunar i Norge slit med økonomien. Det gjeld både dei som har investert mykje, og lånt mykje pengar, men det gjeld også dei kommunane som verken har investert eller lånt mykje pengar.

Kommunane er underfinansierte, og staten pålegg dei oppgåver utan å sende med nok pengar.

Når innsparingane byrjar å gå ut over viktige tenester for innbyggarane, er innføring av eigedomsskatt siste utveg. Ja, nokon vil sikkert hevde at politikarane er uansvarlege dersom dei ikkje skriv ut ein slik skatt. Dersom eit fleirtal på Stortinget meiner at innbyggjarane i Norge ikkje skal betale ein slik skatt, må dei auke overføringane til kommunane.

Det kjem ikkje til å skje, staten er nemleg kjip. Difor er det berre å roe seg, og ynskje den rare skatten velkomen til gards.

Ha ein billeg fredag.