I fjor sommar vart lokalsamfunnet vårt rysta etter meldinga om overfallsvaldtekt utandørs ein stad på Gurskøya. Tre litauarar var involverte i episoden. Alle vart fengsla etter kort tid. Seinare vart den eine frikjend og sett fri, medan den andre fekk ei straff på 120 dagars fengsel som vart sona i varetekt.

Tredjemann vart dømd for valdtekt, og fekk ei fengselsstraff på fem år og ein månad.

Mannen anka domen, og forhandlingane her starta 4. juni i år. Lagmannsretten bestemte deretter å ta ein pause i saka fram til 27. august, på grunn av usikkerheit knytt til mannen si politiforklaring.

Lagmannsretten konkluderte med at tingretten ikkje hadde stilt spørsmål ved korleis tiltalte sine sprikande forklaringar for tingretten kunne forklarast. Dette på bakgrunn av dårleg kvalitet på tolkearbeidet (ref. lagmannsretten, red. mrk).

Sidan det då var ei rimeleg moglegheit for at saksbehandlingsfeilen har hatt betydning til skade for mannen, vart domen i tingretten oppheva.

Mistanken ikkje svekka

Sunnmøre tingrett tok sist veke opp spørsmålet om framleis varetektsfengsling.

– Retten finn med skjellig grunn kan mistenkast for ei straffbar handling som kan medføre høgare straff enn fengsel i seks månader, heiter det i den ferske domen frå Sunnmøre tingrett.

Her støttar dommar Nils E. Engeset seg til den fornærma kvinna si forklaring om at ho er utsett for grove overgrep frå personar som fulgde etter ho inn i skogen. Det vert også synt til tekniske funn. I tillegg også at mannen som har fått domen oppheva, i sine to første forklaringar nekta for å ha vore i skogen saman med dei to andre som vart sikta.

Fryktar mannen rømer

Tingretten fryktar at den sikta vil unndrage seg straffeforfølging om han vert lauslaten.

Saksbehandlingsfeilen som vart avdekka av lagmannsretten er heller ikkje noko som svekkjer mistanken mot mannen, meiner tingretten.

– Ved eventuell domfelling i samsvar med tiltalen vil den sikra måtte pårekne lengre fengselsstraff, og det føreligg ikkje fare for oversoning, konkluderer tingretten.

Ny behandling i tingretten er beramma til veke 5 i 2019.