– Viss dei går ute, kan dei døy, for dei vert kalde, og så finn dei ikkje mat, og dei har ikkje mammaen sin.

Victoria (8) sit på kne på kjøkkengolvet heime, attmed systera, Isabella (10) og eit improvisorisk piggsvinbur; ein plastboks utstyrt med tisselaken, høy, kattemat og vatn.

Dei små nattdyra ligg stille, godt gøymde under høyet, men dei søv ikkje. Rett som det er stikk ein av dei snuten fram og smattar i seg litt av det klissete fôret.

– Det vert veldig vanskeleg å seie ha det til dei, seier jentene.

Heile familien har blitt glade i dei små, søte piggsvina. Men no er det snart på tide å overlate dei til Pinnsvinhjelpen, så dei kan få vekse seg store og sterke gjennom hausten og vinteren. Til våren skal dei ut i det fri.

Byrjinga

August har så vidt gjort sitt inntog, og sola heng høgt over Fosnavåg. Isabella og Victoria har fått låne besteforeldra sin hund, Lizzy, og tek ho med på ein luftetur bakom huset. Med eitt får den firbeinte ferten av noko.

Det vesle, forvirra dyret på stien, veg ikkje meir enn knappe 70 gram.

Familien veit ingenting om piggsvin, så pappa Tor-Sverre Smådal, googlar og finn ut at dei kan ringje Pinnsvinhjelpen for å få råd.

– Vi fekk beskjed om å saumfare området dei neste to døgna, for når eit så lite piggsvin går ut av bolet sitt, så manglar der ei mamma. Det gjorde vi – og vi fann tre til, fortel mamma Elisabeth Smådal.

Dermed hadde familien plutseleg fire små, piggete nye venner i heimen.

– Pinnsvinhjelpen sa at dei måtte ligge på varme, at dei åt kattemat, og at dei måtte ha vatn. Det var viktig ikkje å gi dei mjølkeprodukt, for det toler dei ikkje, seier Elisabeth.

Den første vesle karen, Piggy, var sjuk då han kom, og klarte seg dessverre ikkje lenger enn ei veke. Dei tre andre, som vog omtrent 100 gram då dei vart funne, har gått opp ein del i vekt.

– Den største veg no 450 gram, men dei når ikkje dvalen i byrjinga av oktober, seier Elisabeth.

For å kunne gå i dvale må eit

piggsvin vege opp mot 900 gram.

Pliktig til å hjelpe

Piggsvin står på den raude lista over utryddingstruga dyr i Noreg og er totalfreda. Drap på piggsvin kan, ifølgje viltloven, bli straffa med bøter og fengsel. Men visste du at du også er pliktig til å hjelpe piggsvin i naud? «Å ignorere en liten venn som strever for tilværet, er straffbart», heiter det mellom anna på Dyrebeskyttelsen sine heimesider.

– Der er ein del reglar å halde seg til. Til dømes skal piggsvin, i utgangspunktet, ikkje vere inne i meir enn to veker. Våre får vere litt ute, men dei er rett og slett for små til å takle så mykje og reagerer på trekk. Vi fekk beskjed om at det små piggsvinungar treng, er mykje mat og søvn, seier Elisabeth.

Har du teke inn eit piggsvin, er du forplikta til å gjere alt du kan for at det skal bli friskt og sterkt til våren, ifølgje Dyrebeskyttelsen.

Det veit Victoria alt om:

– Det er veldig farleg viss dei er sjuke, for viss dei blir slopne fri då, kan dei døy med ein gong, seier ho.

Snart skal dei reise

Denne veka skal Puppy, Pigly og Puffy flytte til Ålesund.

– Vi skal levere dei til Pinnsvinhjelpen, der dei skal få gå i dvale i ein stall. Organisasjonen består av mange frivillige som tek på seg å hjelpe piggsvin, opplyser Elisabeth.

Gi gjerne piggsvina mat

Ifølgje Dyrebeskyttelsen døyr ein tredel av alle piggsvin i trafikken og ein tredel døyr i løpet av vinteren. I år gjer den varme sommaren at piggsvina har hatt lite tilgang på mat og drikkevatn, og mange av dei er for små til å kunne gå i dvale i oktober. Pinnsvinhjelpa oppmodar difor folk til å setje ut tørt kattefór og drikke i hagane sine.

– Piggsvin et om natta, så sett maten ut i skumringa. Tek katten maten, kan du bygge ein kasse med mindre hol i som piggsvin kjem gjennom, oppmodar Dyrebeskyttelsen.