Verdsdagen for psykisk helse vert arrangert den 10. oktober. I høve anledninga har helsestasjonen i Herøy, teneste for psykisk helse, PPT og folkehelsekoordinatoren bestemt seg for å gå saman om ei felles markering av den internasjonale dagen i Fosnavåg.

Nytt av året

Ideen om å arrangere noko felles i kommunen, er ny. Den blei til på eit inspirasjonsseminar for verdsdagen i Ålesund, der tilsette frå teneste for psykisk helse og skulehelsetenesta møttest for idémyldring.

– Tanken er ganske enkel. Vi vil engasjere flest mogleg til å kome til Fosnavåg sentrum den 10. oktober. Her vil vi sette opp eit telt der vi vil dele kunnskap om psykisk helse, og utfordre folk til å kome i psykisk form. Det forklarar Anne Ragnhild Roland, vernepleiar og spesialpedagog ved helsestasjonen i Herøy.

I sentrum blir det fleire stands, nesten som ei messe, der aktørar representerer eit mangfald innan aktiviserande og helsefremjande tiltak.

– Temaet for verdsdagen i år er «Ver raus», som går ut på å glede seg sjølv med å glede andre, held ho fram. Ho legg til at ein framleis kan melde seg på om ein vil bidra på dagen.

Arbeidsgruppa vil saman med Fosnavåg kino også vise litt raustleik og inviterer til gratis kino i konsertsalen denne dagen. Dei skal då vise familiefilmen «Mirakel».

I tillegg til fellesmarkeringa blir dagen og temaet løfta fram gjennom skulen. I to år på rad har skulehelsetenesta hatt dagsseminar for ungdomsskulane med tema psykisk helse. Dette følger dei også opp i år. Den 16. oktober blir det eit arrangement på kulturhuset for skulane, då sjølve dagen treff haustferien.

Må likestillast med fysisk helse.

For Roland er psykisk helse ei hjartesak og ho meiner det er på tide at ein riv ned det ho ser som tabu rundt temaet.

– Berre ein nemner psykisk helse i dagens samfunn, blir det som eit synonym med psykisk liding, noko som gjer det vanskeleg å snakke om. Alle har ei psykisk helse på lik linje med vår fysiske helse. Akkurat som den fysiske, må vi trene og halde ved like vår psykiske helse, forklarar ho.

Hadde det vore opp til ho, burde trening av psykisk helse ha like stor merksemd som fysisk trening.

– Vi kan ha fordelar av å auke fokuset på vår psykiske helse. Den må bli like naturleg å snakke om som vår fysiske helse. På same måte som ein har gym i skulen, burde det også vere noko som heiter psykisk gym, føreslår Roland som eit poeng.

Glad for auka fokus

Trass i at fokuset kan bli større, ser Roland at det har skjedd ei endring i samfunnet dei siste åra.

– Vi snakkar meir om det, og eg trur vi er på rett veg med tanke på fokus. Men vi må alle gjere ein innsats i dagleglivet. For det fyrste har vi sjølv ansvar for å halde oss i god psykisk form. Dette er mellom anna noko vi vil snakke meir om på dagen. For det andre har vi også eit ansvar overfor kvarandre som er viktig å hugse på, seier Roland

– Vi kan vel alle gjere noko for å vere rausare med dei vi har rundt oss.

Kampanje med premiar

Som ei oppvarming til dagen har arrangørane i samarbeid med servicetorget i kommunen bestemt seg for å arrangere ein eigen kampanje gjennom Instagram og sosiale medium.

– Vi vil at folk skal ta blide av seg sjølve der dei er rause med kvarandre. Gjer ei god gjerning, ver raus og dokumentere det med eit bilete eller video. Deretter kan folk publisere det med #værrausherøy, og vere med i trekninga av flotte premiar, avsluttar Roland.

Både Fosnavåg kino og Sunnmørsbadet har bidratt til premiepotten.