Emblem er vanlegvis særs sterke på Emblem stadion, men Bergsøy viste ingen respekt i fredagens toppkamp. Det var ikkje spelt mange minutta då Franjo Tepuric gav Bergsøy leiinga. Men det tok heller ikkje lenge før Emblem var tilbake i kampen, og kamptavla viste 1–1. Viktig var det då for Bergsøy at Pijus Marcinkevicius sørga for ny leiing like etterpå. Trass i mange dødballar og enkelte sjansar for begge laga skulle det ikkje bli fleire mål i regnvêret, i det som var ein kamp prega av mykje tøft spel.

Godt lagspel

Det var ein glad og letta matchvinnar i Pijus Marcinkevicius, som etter kampen skrytte vel so mykje av lagkameratane som av seg sjølv.

– Scoringa kjem på den måten at Benjamin (Leine journ.anm) spelar meg flott gjennom, og då har eg ein enkel jobb med å sette ballen i mål. Ein viktig lagsiger, sa den unge midtbanespelaren.

Vinn ein tøff kamp

Bergsøy-trenar Toni Sandanger var særs nøgd etter kampen.

– Det er ein tøff arena for gjestande lag, då Emblem ikkje tapar heime. Men eg er stolt over måten vi spelar på her i dag. Sjølv om fleire av spelarane slit med skader og ikkje burde spele so mykje som dei gjer i dag, gir vi aldri opp og får løn for arbeidet vi legg ned, sa Sandanger.

Med sigeren er Bergsøy tilbake på andre plass på tabellen, og trenaren kan forsikre om at dei ikkje har gitt opp sesongen.

– AaFK2 har også fleire tøffe kampar att. Blant anna skal dei opp mot Emblem som kan ta poeng frå alle. Vi må berre gjere jobben vår so får vi sjå kva det held til, seier trenaren.

Kapteinen tilbake

Positivt for Bergsøy var det at kapteinen, Daniel Jøsok Kvalsvik, var tilbake på laget etter eit lengre skadeavbrekk.

– Det var godt å vere tilbake, og ekstra godt når vi tek ein slik siger. No skal vi kjempe vidare og gi AaFK 2 kamp heilt til døra. Tapar dei skal vi vere der, lovar kapteinen.

Rollon neste

Neste utfordring blir Rollon heime på Havila Stadion komande fredag. I bortekampen i vår tapte Bergsøy 1–0.

– Vi gler oss, for vi har noko å revansjere mot Rollon. Vi ønsker dei velkomen, seier trenar Sandanger.

STRAFFE?: Her ville Bergsøy-spelarane ha straffe, men fekk det ikkje. Foto: Stian Langlo Driveklepp