Det har vore eit høgt spel rundt lokaliseringa av eit nytt kontor for Søre Sunnmøre IKT (SSIKT). Dagleg leiar og tilsette i SSIKT ønskte lokalisering i Myrvåg, men då Myrvåg ikkje er eit kommunesenter blei alternativet ikkje vurdert av styret. Styret i SSIKT har vore sett saman av rådmennene i Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta, Volda og Vanylven, medan ordførar Dag Vaagen har vore Sande sin representant. Også Fosnavåg blei vurdert som uaktuell som lokaliseringsstad.

– Eg spela inn Nordea-bygget i Fosnavåg, med ei løysing der banken flytta opp i andre etasje, men fekk ikkje støtte då bygget ikkje er kommunalt, sa rådmann Kopperstad på torsdagens kommunestyremøte.

SSIKT i Ulsteinvik

Med begge Herøy-alternativa ute av spel røysta rådmann Kopperstad for Ulsteinvik saman med rådmennene i Ulstein og Vanylven. Noko som gjorde at Ulstein hadde fleirtal og blei vald som vertskommune. Denne avgjersla har skapt store reaksjonar i Hareid kommune, då Hareid hadde det lågaste pristilbodet. Dei tre rådmennene som røysta for Ulstein har soleis blitt skulda for å drive politikk. Med bakgrunn i denne skuldinga valte dei tre rådmennene å trekkje seg frå SSIKT-styret og gi plassen til sine respektive ordførarar.

Goksøyr inn i styret

– Eg vil vite kven som har bestemt at ordføraren skal ta over. Det burde vere ei politisk avgjersle, sa Bjarne Kvalsvik (Folkelista/Sp) i kommunestyret.

– Det er litt uavklart, men eg sa då eg trekte meg at eg legg til grunn at ordføraren går inn i min plass, svara rådmannen.

Vil ha vedtektsendring

Volda-rådmann Rune Sjurgard ser no behov for ei vedtektsendring for å sikre at IKT-samarbeidet på Søre Sunnmøre blir drive vidare på ein måte som sikrar kommunanes interesser.

– Eg ser behov for ei endring i vedtektene, og at kommunestyra gjennom vedtektsendring no oppnemner politisk representasjon til styret. Dette bør skje etter vanleg sakshandsaming, og eg føreset at endringane av vedtektene kan skje så snart som mogleg, skriv Sjurgard i ein e-post til medlemskommunane.