Kommunen har søkt om dispensasjon frå LNF-føremål i kommuneplanen for etablering av massedeponi og uttak av steinmassar på Gjøneset.

Fylkesmannen skriv i sin klage at skredfaren i området må dokumenterast. Desstutan vil ein ha gjennomført ein risiko- og sårbarheitsanalyse over området, der B. Tarberg AS har søkt om den nemnde etableringa.

Mellom anna skal både stein- og snøskredfaren avklarast og dokumenterast.

Om ikkje kommunen tek klagen til følgje, skal saka sendast til Fylkesmannen for vidare behandling hos settefylkesmann, varslar ass. fylkesmann Rigmor Brøste og fylkesberedskapssjef Stine Sætre.