– Eg kjende tårene kome allereie då eg opna døra til Frikyrkja, og såg kor fint dei hadde pynta og kor mykje folk der var, seier Erhard Hermansen.

Han har vore pastor i Herøy Frikyrkje i til saman 17 år fordelt på to periodar, men no er det altså slutt.

– Tårene låg liksom heile tida på lur. Men det var berre takksame tårer, og gledestårer for alt det fine eg har fått oppleve i meinigheita. Eg kjenner først og fremst ei stor takknemlegheit overfor meinigheita, som har gitt meg tillit, og latt meg vere pastor i Herøy frikyrkje så lenge, seier Erhard.

Programmet

Om lag 150 gjestar deltok på sjølve festen inne i salen. Siv Anne Sævik var konferansier, og leia publikum gjennom det rundt to timar lange programmet.

Song og musikk var det mykje av. Ein av aktørane på den fronten var Tolvtetten, som Erhard sjølv er med i. Denne gongen vart elles heidersgjesten overraska med at han skulle synge solo på ein av songane.

Under festen fekk også Erhard overrekt helsingar frå fleire hald: Jan Magne Goksøyr (leiar for Eldsterådet i Herøy frikyrkje), Åse Nerem Bø (frå diakonrådet), Jan Løkkeborg (leiar i Vestre Presbyterium), Kjersti Pedersen (pastor i Ørsta), Geir Langen (synodestyret) og sokneprest Knut Magne Dalsbø i Herøy kyrkje. Tidlegare ungdomspastor i Herøy frikyrkje, Geir Lande, heldt ein tale om og til Erhard.

Staben slo, på si side, til med ein liten sketsj.

– Vi viste litt av «ein vanleg dag» for ein pastor, som handlar om veldig mykje meir enn å lese bibelen og å førebu preika. Og så overrekte vi ein «tale-hatt», som vi synest kan passe inn i den nye jobben, humrar medarbeidar May Irene Myren i Herøy frikyrkje.

Etter programmet koste gjestane seg med mat og kaker, mykje av det laga av folk i kyrkjelyden.

Vil bli sakna

Då May Irene fekk vite at pastoren skulle slutte før sommarferien, reagerte ho slik:

– Det vart sjølvsagt trist for oss, men eg er glad på Erhard sine vegner, for at han kjem til ein jobb han vil få det utruleg kjekt i. Vi kjem til å sakne han, seier ho.

Og Erhard kjem til å sakne dei:

– Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Den nye pastoren som kjem til Herøy Frikyrkje, kjem til ei veldig flott meinigheit.