Staden er Sandshamn, datoen er laurdag 29. september.

– Det er vi i grendelaget som står bak samlinga, og vi er så heldige at vi har fått med oss fleire lokale næringsdrivande. Målet er å syne det mangfaldet og dei moglegheitene som finst i og rundt næringslivet på Sandsøya og Voksa.

Det seier leiar Ingrid Bringsvor Voksøy i Sandsøy og Voksa grendalag.

Laget ynskjer gjennom samlinga, som gjerne kan reknast som ei informasjons- og jobbmesse, også å synleggejere busettingsmoglegheitene for ein krins som har slite med folketalsutviklinga i fleire år.

– No for tida er det ekstra triveleg og kjekt å kunne arrangere noko slikt. Det er fordi pilane i det lokale næringslivet peikar rett veg, opplyser grendelaget.

Håpar på god deltaking

Dei opplyser at samlinga, som vil ha innandørs base i hummarparken til Sandefisk, er open for alle.

– Vi inviterer bygdefolk og politikarar, og håpar samstundes at interesserte også frå nabobygdene vil kome innom.

Sandefisk er nemnt. Dei vil ha fiskeutstilling og demonstrasjon til dømes av skjering av filet. Og folk skal få sjå seg om i lokala. Sandsøy Servicebåt, selskap med rakettvekst, blir også representert med informasjon og utstyr i høve samlinga.

Det same vert Marine Harvest, som skal igang med eit større oppdrettsanlegg ved Sandsøya og treng folk. Informasjon frå det lokale reiarlaget GO & PO Fiskeri, som er igang med utrustinga av sin andre båt etter «Eldorado», vert det også. Dessuten blir det også andre presentasjonar, mellom anna det nye selskapet Bringsvor Bygg og det relativt ferske bulystprosjektet for Sandsøya og Voksa.

Sande Sjømat DA kjem til å stille på samlinga med sine velkjende fiskekaker og kanskje anna snadder. I hummarparken blir det rigga til med bord og stolar, og presentasjonar og dialog.

– Det er heilt sikkert ikkje alle lokale, og i alle fall ikkje i eit større omland, som kjenner til alt som skjer og kjem til å skje på næringslivsfronten her ute. Her har alle høve både til å bli informerte, stille spørsmål og ha ei triveleg sosial samling, heiter det i ei felles oppmoding frå styret i Sandsøy og Voksa grendelag.