– Kjernen frå 2.-divisjonslaget er framleis med, men nokre spelarar, som har vore viktige for oss, har flytta vekk for å studere eller delta i militæret, informerer lagleiar Siv Jensen.

Samtidig har 3.-divisjonslaget fått fleire nye spelarar.

– Vi har fått med oss ein del frå fjorårets J16-lag, seier Jensen. Såleis er vi eit nytt og spennande lag, og vi er veldig spente på denne kampen, seier lagleiaren.

Oppmøtet på treningane har vore godt, med mellom 15 og 20 spelarar på kvar trening.

Ny trenar

Etter at Igor Dokmanovic gav seg som hovudtrenar for Bergsøy etter førre sesong, har Aukse Aglinskiene teke på seg trenaransvaret.

– Eg kan ikkje hugse at vi har hatt kvinneleg hovudtrenar på Bergsøy på veldig lenge, seier Jensen.

Aukse har ikkje trenarerfaring frå før, men ho er veldig motivert, og har mykje internasjonal speleerfaring frå mellom anna Island og det litauiske landslaget, opplyser Jensen.

– Dessutan har ho idrettsutdanning, seier ho.

Startar seint

Damene startar seint i sesongen, og møter eit lag som allereie har spela to kampar.

– Det har litt å seie. Det vert gjerne mykje kondisjon- og styrketrening i starten, og så vert det meir speletrening etter kvart, seier Jensen.

Vil nå øvre halvdel

Med tanke på at Bergsøy-laget har rykka ned etter sin første sesong i 2. divisjon, er det nærliggande å tru at dei har høge forventningar til årets sesong.

– Styret seier klart at dei forventar at damelaget hamnar i øvre halvdel av tabellen. Vi har mange nye spelarar, så dei vil ikkje seie det noko meir tydeleg enn det, seier Jensen.