Vanylvsordføraren, saman med rådmann Andreas Chr. Nørve, har teke initiativ til eit dialogmøte med Sande kommune. Her skal ein i fylgje ordføraren drøfte felles utfordringar.

– Då vi begge er små kommunar i utkanten, er det naturleg at vi kjenner skoen trykkje på mange av dei same områda. Med utviklinga som skjer rundt oss vert vi sårbare og treng partnarskap for å kunne gjere naudsynte lyft, heiter det i invitasjonen som er send til Sande-ordføraren.

På møtet ser leiinga i Vanylven kommune føre seg at dei saman med Sande kan drøfte prosessane som er i gong,og «potensialet ein ser frå våre eigne kantar». Dette sjølv om kommunane, som Vanylven kommune peikar på i invitasjonen, har teke nokre ulike val.

– Vi ønskjer å ha eit godt naboskap og tek difor gjerne ein prat over ein kopp kaffi framfor ein dialog gjennom media, skriv Sande og Nørve i invitasjonen.