Elles har ikkje politiet vesentlege problem eller personskadar å melde frå Møre og Romsdal. Dei har fått inn nokre meldingar om tre og greiner i vegbana, eit vindauge som har blåst inn i Ålesund, samt straum og telefonleidning som har falt ned. Det har ikkje vore store vanskar med tanke på desse hendingane.

I Herøy har vi fått inn ei melding frå brannvesenet. Dei har i natt sikra ei dør som var blåst på ein restaurant i Fosnavåg.

44,5 m/s ved Svinøy

Meteorologisk institutt har gitt ut denne oversikta over dei kraftigaste vindkasta som har vore målt i natt. Ved Svinøy var det kraftigaste vindkastet 44,5 meter per sekund.

Torsdagsvêret

Torsdag er det meldt sørvest liten til full storm utsette stader i Møre og Romsdal. Til kvelden vil dette minke til sterk kuling i sør med regnbyer. Mest nedbør  får vi på Sunnmøre. Meteorologisk institutt seier det også er utrygt for torevêr fyrst på dagen.