NRK melde i natta om ein dramatisk redningsaksjon utanfor Askvoll i Sogn og Fjordane. Midt i haustormen, som har herja Vestlandet, mista ein fraktebåt motorkrafta, dreiv mot land og tok fyr. Havila Subsea var eit av fartøya som bidrog då fraktebåten byrja å brenne. Alle fire som var om bord på båten blei berga i aksjonen, som gjekk føre seg under svært dårleg vêr.

– Det var ein veldig krevjande redningsaksjon som var utruleg vanskeleg, men den var eit skuleeksempel på kva ein får til når ein står saman, opplyser Ola Vaage ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg til NRK Sogn og Fjordane.