I ein dom frå Sunnmøre tingrett vert det opplyst om den litt spesielle forhistoria som leiar fram til fengselsstraff på 21 dagar.

Herøyværingen har aldri hatt førarkort, men har likevel vore ofte ute på biltur. Ti gongar har han blitt teken ute på køyretur. Tre av desse gongane har han køyrt over fartsgrensa.

– Ti køyringar utan gyldig førarrett viser ei total neglisjering av vegtrafikklova sine bestemmelsar og er eit alvorleg brot mot reglane som skal sikre størst mogleg trafikksikkerheit, heiter det i domen.

Køyringane han er dømd for, fann stad i nærområdet; Hareid, Herøy, Volda, Sande.

Tre gongar er han teken i fartskontroll medan køyringa har pågått. Det skjedde i Herøy (57 km/t i 50-sona), i Herøy (70 km/t i 50-sona) og på Hareid (67 km/t i 50-sona).

Ved to tilfelle har mannen heller ikkje gitt opp namn og personalia når politiet har bede om det. Dei ulike køyringane vart avdekka gjennom bilde frå fotoboksar og forklaringar frå polititenestefolk.