Petter Bjarne Nygjerde er bekymra før vinteren set inn. Den kommunale vegen opp mot huset hans på Nygjerde ber preg av tungtrafikken som køyrde opp og ned den bratte vegen tidlegare i år. Bakgrunnen for tungtrafikken var at vassverket i ein periode på tre veker køyrde vekk fleire lass med massar frå ei utbygging oppe i dalen.

– Tungtrafikken har laga djupe spor i vegen, og den er no totalt nedkøyrt, seier Nygjerde.

Mykje nytta veg

Nygjerde bur sjølv ganske åleine i det aktuelle området, men vegen blir mykja nytta, spesielt av vassverket og folk som køyrer opp for å ta seg ein fjelltur i Moltu-fjella.

– Vegen har alltid vore mykje nytta, spesielt i år når vi hadde ein so fin sommar. Problemet er at vegen ikkje er dimensjonert for den tungtrafikken som vi hadde tidlegare i år, seier Nygjerde.

Petter Bjarne Nygjerde har sjølv vore ute med målebandet.

– Eg har kome fram til at det er 10,5 centimeter høgdeforskjell mellom midten og ute i spora, og du ser også at vegen har rivna på midten, seier Nygjerde.

Vanskeleg framkomeleg

På grunn av vegen er no Nygjerde redd for at det kan bli vanskeleg å bu i heimen sin gjennom vinteren.

– Når spora har blitt so djupe som no fryktar eg at det blir vanskelege køyreforhold til vinteren. Det vert vanskeleg å brøyte, og utan brøyting kjem ikkje hjelpa eg treng fram, seier Nygjerde tenkjande.

Derfor fryktar Nygjerde no at han blir nøydd til å flytte.

– Eg er hjartepasient, og har alltid ein tryggleiksalarm på meg. Eg må difor ha ein garanti om at hjelpa vil kome seg opp hit. Om eg ikkje får det blir eg vel nøydd til å flytte til Myrvåg eller Ulsteinvik, fryktar Nygjerde.

Ikkje på budsjettet vårt

Vestlandsnytt har kontakta Herøy kommune om vegen, og fekk følgjande svar frå seksjonsleiar, Fred Arnesen.

– Vi skal sende nokre folk for å sjå på vegen. Men den er ikkje ein del av vårt budsjett, og det vil nok ikkje skje noko før tidlegast neste år. Og ein skal også hugse på at vi er i ein spareprosess og ikkje har mykje pengar å ta av, sa Arnesen.