– Eg kan med handa på hjartet seie at eg hadde gjort alle dei fem åra opp att, utan tvil.

Det fortel Helen Sævik, medan ho ynskjer fleire kundar velkomne inn i butikken sin onsdag formiddag. Taket er pynta med ballongar, og midt i butikken står eit bord med gratis mat for kundane. Det er bursdagsfeiring for klesbutikken Style. I dag er det fem år sidan Helen Sævik bestemte seg for å satse i Fosnavåg.

– Eg blir so rørt av alle som kjem inn og gratulerer oss med femårsdagen, held ho fram.

Tøffe tak

Men sjølv om dagen i dag har vore full av glede og feiring, har ikkje den fem år lange reisa vore ein dans på roser. Det har heller vore det Sævik omtalar som ei berg og dal-bane.

– Nei, det har vore tøffe tak. Eg skal ærleg innrømme at eg har ligge vaken om nettene og gråte på grunn av tøffe tider. Men eg har aldri vore inne på tanken om å slutte. Eg veit at der alltid kjem betre periodar, og det er dei eg har fokusert på, fortel Helen, medan ho syner oss nokre av blomane og gåvene ho har fått frå besøkande.

Helen får så auge på medarbeidar May Therese Rogne.

– Og ho der. Dette hadde ikkje gått utan May Therese. Ho har blitt som ei søster for meg. Eg er evig takksam for å ha ho med på laget, for ikkje å snakke om alle dei andre tilsette i butikken, seier Sævik, tydeleg rørt.

– Ikkje jobb

Trass at Helen har halde på frå morgon til kveld dei siste fem åra, ser ho faktisk ikkje på arbeidet i klesbutikken som jobb.

– Det kjennest ikkje som ein jobb. Eg trivst verkeleg med det eg driv med, seier ho stolt.

Ser lyst på framtida

Elles seier både Rogne og Sævik at dei ser lyst på framtida. Butikken gjer det godt både i Fosnavåg og på nett.

– Det er ikkje noko gullgruve, men eg har til pålegg på brødskiva. Så vi skal halde på i 50 år i alle fall, avsluttar Helen og flirer.