– Nok er nok. No krev vi stopp i bruken av giftige avlusingskjemikaliar, seier leiar Kjell Ingebrigtsen i Norges Fiskarlag.

Han seier til Vestlandsnytt at Norges fiskarlag sidan 2014 har jobba med ulike spørsmål knytt til dei stadig meir omstridde avlusingsmidlane.

– Vi som jobbar med naturressursar og representerer kystsamfunn som er treng dei same ressursane, er avhengige av at det vert teke omsyn til miljøet, seier han.

Mange bekymringsmeldingar

Ingebrigtsen kan opplyse til Vestlandsnytt at Norges Fiskarlag får inn stadig fleire bekyringsmeldingar frå medlemer som har spørsmål og erfaringar etter at oppdrettsnæringa brukar avlusingsmiddel.

– Det kjem rapportar om død krill i fjøresteinane og skaldyr som tek skade av desse miljøgiftene. I andre samanhengar vert føre-var-prinsippet nytta i potensielt sårbar forvalting, men tydelegvis ikkje når det gjeld måten oppdrettsnæringa har fått opptre på i dette tilfellet, utdjupar Ingebrigsen.

– Bekymringane kjem frå heile Kyst-Norge, legg han til.

På landsmøtet i Norges Fiskarlag onsdag vart det vedteke ein resolusjon med krav om full stopp i bruken av giftige avlusingskjemikaliar.

– Utslepp av legemidlar mot lakselus har lenge fore den største utfordringa for god sameksistens mellom norsk fiskeri og oppdrettsnæringa, heiter det i ein uvanleg tydeleg uttale frå Norges Fiskarlag.

Her heiter det vidare at det er sannsynleggjort at bruk av lusemidlar er øydeleggande for havmiljøet, bestandane av krepsdyr og dermed også for viktige fiskeri.

Vidare ber fiskarlaget om at Mattilsynet og Fiskeridirektoratet tek ansvar og legg på bordet aktuelle driftsprotokollar frå havbrukssektoren.

– Sidan protokollane kan bli sletta eller brende etter tre år, er dette eit arbeid som umiddelbart må setjast igang, lyder kravet frå Norges Fiskarlag.

Landsstyret ber om at politikarar og forvalting tek snarlege grep for å sikre at lusemiddelregelverket vart utforma og praktisert på ein måte som ivaretek omsyna til livet i havet.

Ingebrigtsen seier at ein no veit at dei fleste lakselusmidlar er langt meir problematiske for livet i sjøen enn først anteke.

– Krepsdyr som hummar, reke, krill og raudåte er særleg utsette. Det har jamvel synt seg at legemidlar mot lakselus er så giftige at det ikkje er mogleg å oppdage eller påvise dødeleg dose i laboratoriet etterpå, legg han til.

Landsstyret peikar på stoffa deltametrin og azametifos som særleg problematiske, særskilt når dei vert brukte saman. Dessutan er hydrogenperoksid eit stoff som i fylgje fiskarlaget har synt seg å vere langt meir giftig enn først anteke.

Fiskarlaget syner også til undersøkingar i eigen regi.

– Vi har dokumentert ei rekkje tilfelle som syner at legemiddelbruken i fleire tilfelle ikkje er meldt inn til styresmaktene, slik oppdrettar er pålagd. Dette har i neste omgang ført til at forskingsmiljø og forvalting lenge har undervurdert miljøeffektane, framheld Norges Fiskarlag.

– Sjølv om bruken av legemidlar har gått betydeleg ned dei to siste åra, vert det framleis brukt rundt ti gongar meir enn i 2007. Problemet er difor framleis stort, påpeikar landsstyret i Norges Fiskarlag.

Dei syner òg til at regelverket for lusemiddel, som vart innført i 2007, synte seg å vere langt mindre restriktivt enn det Fiskeridirektoratet foreslo.