Framtida til den gamle barnehagen «Sandebu» og ikkje minst det populære spelet Kong Arthurspelet har vore mykje debattert siste tida. Det har vore kjempa hardt for at spelet skal få behalde huset, men samtidig har fleire ytra at det viktigaste må vere at ein får auka busetting på Sandsøya, noko som samtidig betyr at ein må selje huset. Difor var det ein vanskeleg sak som låg på bordet i kommunestyret tysdag, og fleire av politikarane ynskte ei utsetting. Ikkje minst fordi familien som i utgangspunktet skulle busette seg der no har flytta til ein anna stad.

– Kong Arthurspelet er ei merkesak for Sande kommune. Når familien som skulle bu der no ikkje kjem, er det vel ikkje so prekært? Treng GO Group huset i dag? Vi må ikkje gjere slik at Kong Arthurspelet forsvinn, spelet er viktigaste turistattraksjonen vi har, meinte Kåre Fjørtoft (Frp).

– Huset står for nedfall

Bjørn Flatøy (Tverrpolitisk) var derimot av ei anna oppfatning, og meinte at ein må tenkje på framtida til huset.

– Det er ei vanskeleg sak. Folk flyttar frå øya, skulen er truga av nedlegging og vi treng tilflytting. Samtidig er spelet eit stort gode både for øya og Sande kommune. Men framtida til spelet får andre avgjere, huset må brukast. Det står for nedfall slik det er no, meinte Flatøy.

Liv Myskja, også ho representant frå Tverrpolitisk liste, har vore vekke frå Sande kommune det siste året. Men Myskja meinte valet var enkelt.

– Husk at huset er gamalt, og snart treng mykje oppussing. Det ville vore flott for kommunen å bli kvitt ein slik utgiftspost. Det vil vere dumt å ikkje tilby folk som vil flytte til øya hus. Samtidig kan Kong Arthurspelet få betre eigna lokale, som dei slepp å bruke mykje pengar på å pusse opp. Eg meiner det er ein vinn-vinn situasjon, sa Myskja.

Vil bruke pengane på spelet

Ordførar Dag Vaagen (Høgre) synest heile situasjonen var kinkig.

– Eg har håpa at vi saman med spelet skulle sjå etter ei løysing. Men det er vanskeleg med dialog om berre eit alternativ vil hjelpe. Men vi som kommune vil realisere verdien i taksten, og bruke dei til å satse på spelet med. Det skal vere alternativ for spelet, men eit veldig dårleg signal overfor ein bedriftseigar å seie at han ikkje skal få kjøpe, sa ordføraren.

Camilla Auflem Vik (Ap) var ikkje overbevist.

– Sel vi huset, kan vi faktisk love at alle pengane går til spelet? Vi skulle hatt eit betre utgangspunkt for ei slik avgjersle, meinte ho.

Einar Ekroll (Venstre) var skeptisk til heile prosessen.

– Vi eig ikkje spelgrunnen. Veit du om vi får kjøpe den, eller om vi får leige. Det skulle vore heimelekse før møtet, sa Ekroll og sikta mot ordføraren.

– Vi har vore der i 20 år. Det vil vere rart om vi ikkje fekk sette opp spelet. Vi får eventuelt finne ein anna stad, svara ordføraren.

Skal forhandle om sal

Opplysninga om at pengane frå eit eventuelt sal ville gå til å finne eit alternativt lokale for spelet var ny for dei fleste medlemane av kommunestyret, og dei blei difor samde om å gå kvar til sitt for eit gruppemøte.

Når politikarane kom tilbake i kommunestyresalen hadde ordføraren ei tilråding klar. Tilrådinga seier at Sande formannskap får fullmakt til å forhandle med GO Group om eit sal av «Sandebu». Samtidig skal Sande kommune ta ansvar for å leggje til rette for Kong Arthurspelet i dialog med spelet sjølv.

Med denne tilrådinga håpa politikarane at dei både skulle sikre busetting i huset, og Kong Arthur-spel også i framtida. Tilrådinga blei difor vedteken samrøystes.