– Marine Harvest skal grille laks, Sparebanken Møre stiller med gullgraving, og Sanitetsforeininga skal selje vaflar, kaffi og saft for ein billeg penge, informerer planleggar Tanja Rafteseth i Herøy kommune.

Framleis er ikkje heile programmet spikra for opningsdagen. Men ein ting er sikkert: Det vert både tale, snorklipping og bjølleklinging.

– Vi håper at mange vil ta turen til sentrum denne dagen og teste ut den nye klatreparken, seier Rafteseth.

Utviklaren

Det er tysdag føremiddag. Regnskyene heng tungt over Parken i Fosnavåg sentrum. Fire arbeidskledde karar frå Tilseth AS er i ferd med å setje opp eit reiestativ. Ved sida av, mellom 25 enorme trepålar som stikk opp gjennom barkdekket på jorda, treffer vi Rune Berge, dagleg leiar i Klatrejungel AS.

– Dette er eigentleg ingen leikeplass, men ein aktivitetsarena. Ei stor hinderløype med 25–30 element som er slegne i hop. Det er veldig kjekt å sjå korleis barn utviklar dei motorisk ferdigheitene sine i desse apparata, seier han.

Men klatrejungelen er slett ikkje berre for barn.

– Her er utfordringar for folk i alle aldrar, alt etter kvar du er på apparatet og kor fort du beveger deg. Ein vaksen person kan fint drive med trening i denne og få fullt utbytte, seier Berge.

Konstruksjonen føreset at ein bruker overkroppen – iallfall om ein skal unngå å ramle ned gjennom ein av dei mange store maskene.

– Klatrestolpane er veldig høge. Difor må du halde deg fast. Heldigvis er vi menneske skapt sånn at når vi skjønar at noko er farleg, så held vi oss fast, seier Berge.

Inspirert av gymlæraren

Rune Berge har bakgrunn som lærar og spesialpedagog, og har også jobba som handverkar. Det erfaringsgrunnlaget førte til at han etter kvart byrja å jobbe med leikeplassar.

– Då oppdaga eg, ganske kjapt, at når barn når 7–8 års-alderen, har dei ikkje lenger motoriske utfordringar. Dei har gjort alt før, så dei går på autopilot, seier han, og siktar til «vanlege» leikestativ som vi gjerne finn i skulegardar og på leikeplassar.

Ein dag fekk Berge ein førespurnad frå nokon som hadde lagt merke til nettopp dette, og han fekk utfordringa med å lage eit større anlegg ved ein barneskule på Frei i Kristiansund (ferdigstilt i 2008).

– Det var ei viss utfordring å tenkje ut konseptet. Ideen kan eg takke gymlæraren min frå barneskulen for. Den kjekkaste gymmen eg hadde, var då vi spreia alle apparata utover golvet i gymsalen og leika «apparat-sisten». Det er eigentleg det same eg har gjort her, berre at eg har flytta det heile éin til halvannan meter opp i lufta. Du skal kunne gå frå det eine apparatet til det andre, på kryss og tvers, seier Berge.

– Ta det gjerne i bruk

Sjølv om parken enno ikkje er heilt ferdig, må publikum gjerne teste ut det som er på plass. Faktisk er det ein fordel ...

– Eg sette opp det største tårnet først, så ungane kan henge i det. Då får det strekt seg litt. Etterpå strammar eg det til igjen, slik at det vert ekstra trygt, seier Berge.

Fellesprosjekt

Klatreparken i Fosnavåg er ein del av byutviklingsprosjektet i Herøy, og er eit fellesprosjekt mellom kommunen og Fosnavågaren velforening.

Totalkostnaden for prosjektet er på 3,5 millionar kroner. Kommunen står for 1,4 millionar kroner, medan resten vert dekka av spelemidlar og velvillige pengebidrag frå sponsorar som Gjensidigestiftelsen, Marine Harvest og Sparebanken Møre.