Striden gjeld eit nyutvikla lukka oppdrettsanlegg som havarerte under ein storm i 2015. No kjem saka opp i Søre Sunnmøre tingrett.

Sunnmørsposten skriv at Cermaq Norway meiner produksjonsfeil er årsaka til havariet og krev opp til 14,3 mill. kroner frå dei to selskapa som produserte anlegget.

Dei saksøkte meiner på si side av ekstremvêr var årsaka til at anlegget kollapsa.

Cermaq opplyser til tingretten at flyteringen på anlegget skulle produserast i ei anna type glasfiberarmering, men at denne etter forslag frå Norpartners vart bytta til ein annan type.

Dei to saksøkte selskapa går i fylgje Sunnmørsposten til motsøksmål, og avviser noko ansvar. MSC opplyser vidare at Cermaq har fått heile forsikringsutbetalinga på 9,5 mill. kroner. MSC meiner desse pengane skulle ha vore nytta til å lage ein ny Aquadome, ettersom det er snakk om eit pilotprosjekt. Norpartners har på si side påpeika fleire svakheiter ved arbeid og prosjektstyring. Saka kjem for retten 24. november.