Kurset vert halde i Ulsteinvik og skal gi innsikt i kva som vert krevd for å starte bedrift, både personleg og formelt. «Målet er at du skal få tilstrekkeleg informasjon til å sjå kva som er mogleg og kva som ikkje er det, slik at du skal bli betre i stand til å finne ut om du skal etablere eiga bedrift», heiter det i ei pressemelding.

Kan søkje midlar

Seniorrådgjevar Robert Voldnes oppmodar folk med idear til å ta kontakt med hoppid-kontoret for å få råd.

– I Herøy er der framleis nokre hoppid-midlar att til dei som har forretningsidear dei vil avklare, informerer han.

Elles planlegg hoppid-kontoret å arrangere «Nyskapingsdagen søre» den 30. oktober med tema «Digitalisering».

– Det vert ein dag for både gründerar og det etablerte næringslivet. Men det kjem vi snart tilbake til, seier Robert Voldnes.