Fylkeskommunen har kome med framlegg til nye endringar både for buss og ferje. Når det gjeld Larsnes-sambandet vert det lansert fleire endringar. Stort sett er det fem minutt her og fem minutt der, men i tillegg nokre vesentlege endringar på ettermiddagstid.

– Vi har no studert endringane opp mot vår arbeidstid, landingstid for fiskeflåten og logistikkplan med omsyn til sending av ferske og levande varer til distribusjonssentral i Oslo og vidare eksport, skriv Sandefisk i eit brev til kommunen.

Konklusjonen er at endringane vil vere svært ugunstige for bedrifta, og i tillegg utfordrande i høve til dagens strenge køyre- og kviletidsreglar for vogntog.

– Vi vil at rutetidene skal vere som i dag, skriv bedrifta, som heller ser føre seg at ein endrar bussrutene inn mot ferjene.

I endringsframlegget er det ikkje gjort noko med den manglande laurdagsruta. I dag er det eit mange timar langt opphald mellom turane frå Larsnes midt på dag.