Dei to siste åra har vinnaren av den prestisjetunge prisen vore frå restaurantar som svergar til norsk sjømat på menyen.

– Den britiske marknaden er stor og viktig for oss, og etterspurnaden etter norske filetar er aukande. Difor er det viktig at kokkane får eit godt innblikk i korleis fisket foregår om bord på norske fiskebåtar, seier Katrine Florvaag, som er salssjef i Ramoen AS, i ei pressemelding.

Hjørundfjorden

Mandag gjekk turen innover Hjørundfjorden med medbrakt fisk og ein demonstrasjon av korleis trålen fungerer. Det er nemleg ikkje lovleg å drive trålfiske i fjordane. Dei britiske kokkane fekk likevel eit godt inntrykk av heile prosessen om bord.

– Vanlegvis er Ramoen på fiske i Barentshavet i fleire veker i strekk, så det ville vere litt vanskeleg å organisere ein ordinær tur med så mange. Difor gjer vi det på denne måten, og det verkar som dei har fått godt utbytte av turen, seier Florvaag.

Rullerer

Ramoen og dei andre norske fiskebåtane som leverer fisk til Storbritannia samarbeider om dette besøket. Kvart år får dei ti finalistane i Fish and Chips-konkurransen kome til Norge for å vere med ein moderne fiskebåt.

– Dette er ein flott måte å få vist fram den norske fiskeflåten, som er moderne og leiande i verda på miljøteknologi. I tillegg er norske fiskarar opptatt av å utnytte fiskeressursane på ein berekraftig måte, slik at også framtidige generasjonar skal kunne leve av dette, opplyser Fiskebåt i høve den ekstraordinære «fisketuren».

– Britane er svært opptatt av miljø og det virkar som dei er imponert over det dei har sett frå ein moderne trålar, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i organisasjonen Fiskebåt.

Trålaren Ramoen høyrer heime på Vartdal og vart levert i oktober 2016. Eros-reiarlaget i Herøy eig 65 prosent av aksjane i selskapet.