Sandebu, lærarbustaden, gamlebarnehagen. Kjært barn, mange namn. Det er ingen på Sandsøya som vil at Kong Arthur-spelet skal leggjast ned. I alle fall ingen som eg har diskutert saka med. La det vere klinkande klart. Men dersom vi må velje mellom busetting eller spelet si framtid, så er svaret enkelt.

Eg kan seie meg samd i påstanden om primadonnanykker, når det er snakk om ein så vital ting som tilflytting (og ikkje minst hindring av fråflytting). I denne situasjonen skulle ein tru at det gjekk an å sjå på alternativ til huset som vert omtala som eit vere eller ikkje-vere for Kong Arthur-spelet, i staden for å setje seg aldeles på bakbeina.

I fredagsavisa les eg at det er ei gåte for Oddbjørn Hagen at det ikkje er hus som er tilgjengelege på ei øy som er så fråflyttingsråka som Sandsøya. Det var min tanke også, då eg i sommar sende ut meir enn 20 brev på vegner av grendelaget, til eigarar av hus som ikkje har fastbuande. Av desse fekk eg eitt svar. Realiteten er at det er svært få eller ingen hus som er tilgjengelege.

Dessutan er det ikkje mange unge vaksne som går laus og kjøper eit gammalt og relativt stort hus som mest truleg treng reparasjonar i den situasjonen vi er i no. Då er det lettare å leige ei leilegheit. Vi må ha fleire typar bustadar å tilby tilflyttarar.

Leiinga i Kong Arthur-spelet meiner kategorisk at det ikkje er mogleg halde fram dersom dei ikkje får ha huset. Andre som har vore med i eller rundt spelet opp gjennom åra meiner derimot at det er fullt mogleg å gjennomføre spelet utan huset. Dette seier meg at det er mogleg, berre viljen til å forsøke er der. Her er fleire andre hus som kan brukast til eit slik formål, i tillegg til eit telt.

Personleg er eg stolt over at Kong Arthur-spelet er ein del av øya eg elskar. Det er heilt korrekt at spelet er ein fantastisk arena for både born og vaksne. Men det er ingen vits å ha ein arena viss den ikkje har nokon å vere fantastisk for!

Eirik Voksøy Bringsvor