Det var ein middels stor folkeflokk som tok turen til Herøy gard i haustvêret søndags føremiddag. Då var det nemleg kulturminnedag på øya, og naturleg nok, var det kystkulturen som stod sentralt då dei opna dørene til den gamle handelsstaden.

Historia om Anna Olava

Dagen starta med sann forteljarglede frå Herøy sin eminente forteljarkunstnar, Guri Aasen. Inne i det gamle huset, tok ho gjestane med om lag 250 år tilbake i tid, til stordomstida på garden. I dei herskaplege romma fortalde Aasen si vandreforteljing om Anna Olava Berg, «den gløymde husfrua på Herøy gard». I ei atmosfære av kveikte stearinlys med haustvêret piskande mot ruta, fekk dei frammøtte eit innblikk i korleis tilværet som husfrue var på handelsstaden på 1700-talet. Vi fekk mellom anna lære om korleis Herøy-frua, i sin ungdom, vart festa bort til Sivert Olsen, den fyrste store handelsdrivande på Herøya. Samstundes fekk vi eit innblikk i den harde verkelegheita om korleis Anna Olava gong på gong måtte stå i djup sorg då ho mista fleire born.

– Berre på Sunnmøre

Etter ei historiestund i huset, var det vel so mykje kunnskap å hauste i sjøbua. Her viste mellom anna Håvard Hatløy fram sitt prosjekt med å lage ein type færing ein berre finn på Sunnmøre – ein Snidbeting – kanskje den båttypen som skil seg mest ut frå andre typar i landet.

– Namnet kjem får den uvanlege bordlegginga i botnen av båten. Fyrste omfar, halsbordet, er høvla beint av på skrå ned i kjølen noko framom midten kalla «snidet». Dette eksisterer berre på Sunnmøre, forklarte Hatløy, medan han synte oss forma på båten, og forklarte kor viktig erfaring har vore i utforminga av denne type båt.

Vi spurte Hatløy om kva tid Snidbetingen blei vanleg på Sunnmøre. Han svara at dei ikkje har eit eksakt årstal.

– Men truleg vart denne båten utvikla i samanheng med uthogging av skog på 15–1600 talet, og i samanheng med at saga kom i bruk. Denne tida bygde dei også større båtar, då det blei oppdaga fleire fiskefelt og torskegarn blei tatt i bruk, sa han.

Heidra sauen

På bualoftet møtte vi Cecilie Rørstad og Ingvill Naalsund, begge i Stiftinga Sunnmøre Museum. Naalsund viste oss korleis ein lagar skinnfellar av saueskinn og måla mønster på dei. Rørstad stod derimot og kokte opp ei panne med lyng.

– Denne fargar eg garn med, sa ho og kasta kvit ulltråd oppi panna. Brått fekk så tråden ein gul farge.

Slik naturfarging var nemleg heilt vanleg før. Frå den norske naturen, har spesielt bark, mose og røter blitt bruke til fargelegging av ull. Dette har resultert i eit fargespekter av gule, brune og grøne fargar.

– Ja, det er vel det som er dei mest typiske fargane frå norsk natur, men so må ein hugse på at ein i gamle dagar også fekk tak i ingrediensar frå andre land, som ein brukte i farging, forklarte Rørstad.

Fleire av dei som såg på, vart fasinert av tradisjonen.

Lokalmat og kunst

Til slutt kan det næmast at det i dei gamle butikklokala, blei selt mat og drikke. Gode Greier frå Ulsteinvik stilte mellom anna opp med sine produkt.

Før dagen var over, rakk vi også å stoppe innom og sjå på kunstinstallasjonen til Marit Moltu – ei utstilling til minne om mellomalderkyrkja. Ho hadde stelt i stand eit lite kapell i eit av dei gamle murbygga bak huset.